Terje Knoff er leiar av teknisk utval. Eit av dei viktigaste politiske verva i Tysvær.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Terje Knoff er leiar av teknisk utval. Eit av dei viktigaste politiske verva i Tysvær.

Ei teknisk utfordring

Terje Knoff (H) er leiar for teknisk utval. Det er eit av kommunens viktigaste verv.

Teknisk utval har ein viktig posisjon i Tysvær kommune, og er samstundes svært utfordrande. Det er så mange saker som skal bankast gjennom at det heile verkar som ein jobb for spesielt interesserte.
– Er du spesielt interessert Knoff?
– Ja. Eg er både interessert og motivert til å gjere ein god jobb som leiar av dette viktige utvalet. Eg har vore med i utvalet både som vara og fast medlem tidlegare. Arbeidsmengda er stor, men samstundes er me i posisjon til å vere med å forme morgondagens Tysvær.
Då me set oss ned med «Hardingen» som er blitt tysværbu, har han nettopp gjennomført sitt tredje møte. 700-800 sider med dokumenter kan leggast vekk.
– Arbeidsmengda og dokumentflyten er stor, men eg meiner me har klart å komme i gang på ein god måte. Prioritet ein har vore å skulere alle dei nye i utvalet. Det blei store skifter i utvalet etter valet, og me må få på plass det grunnleggande først. Så får me ta det steg for steg. Så langt ser det bra ut. Me har mange motiverte lokalpolitikarar som nå skal gjere ein viktig jobb, seier Knoff.

Les heile saka i papirutgåva