Kva folket på Bokn vil

Fredag kveld er det folkemøte på Bokn. Då startar den lange vegen fram til folkeavstemminga 20. juni.

Og det blir folket som skal bestemme. Ordførar Tormod Våga og politikarane har blitt einige om at fleirtalet skal få avgjere, om dei blir ein del av Tysvær, eller om dei framleis skal vere ein eigen kommune.
Det er eit svært spesielt forslag. At politikarane har valt å lytte til folket er ei sjølvfølge, men at dei, om det då blir slik, aleine skal bestemme framtida til øykommunen, er som sagt noko spesielt.
For det krev at dei same politikarane, saman med administrasjonen på Bokn, får fram kva konsekvensar både ei samanslåing, og det å seie nei, vil ha å seie. 15. juni kjem det nye inntektssystemet for kommunane i Noreg. Det er fem dagar før boknarane går til valurna, og skal bestemme seg, og gjere eit val. Dei tala kan fort gjere dette til eit svært vanskeleg val. Det som har komme ut til nå er at Bokn vil få kraftige kutt på overføringar frå staten. Så store kutt at det kan være vanskeleg, eller nærast umuleg å drive eit godt nok tilbod til innbyggarane. Og det er dette Våge og hans kvinner og menn i lokalpolitikken nå skal informere om.
For dette kan fort bli eit val kor det ein ønskjer ikkje er det ein får. Om ein ønskjer seg eit levedyktig og sterkt øysamfunn, toler ikkje Bokn-økonomien store kutt. Dei er avhengige av tenester i andre kommunar, og dei treng kvar ei statleg krone som er å få tak i. Viser det seg at reknestykket går opp, ja då skjønar me at folket vil ha det slik det er.
Om ikkje skjønar me ingenting.
For dette handlar om pengar. Om tenester som innbyggarane har krav på. Når Tysvær og Bokn skreiv under ein intensjonsavtale i mars, så var det tatt høgde for dette. Der var det med punkt som tydeleg viste at ein ville gi Bokn det tilbodet innbyggarane der er vant til. Det er slikt arbeid me forventar av administrasjonane og politikarane, og som gjer at alle har tillit til det som skal skje ved ei samanslåing. Ein skal ikkje gå rundt å lure på om tysværbuen stikk av med alt, eller om det vil gå utover tilbodet i Tysvær om Bokn blir ein del av kommunen.
Og sidan det berre er Bokn som skal ha folkeavstemming blir det ein jobb å få fram dette. Det er ikkje ein enkel jobb, for her er det mykje historie og kjensler som ligg i botn. Eg har lese ein del innlegg som har komme etter at avtalen blei signert. Få av dei som er bekymra er det fordi det økonomisk kan bli ei utfordring. Nei, det går på kjensler. Namnet på kommunen. Kommunevåpen. Kommunesentrum. Avstandar og infrastruktur. Det var som ein skreiv på Facebook: – Alt kjem vel til å hamne i Aksdal.
Difor er det me stor spenning me nå skal følge debatten og informasjonen som kjem fram på Bokn fram til 20. juni. Då blir det bestemt om me får eit nytt søre-Tysvær, eller om boknarane seier nei takk denne gongen og, og vil vere for seg sjølv.
Eventuelt kor lenge, vil også Jan Tore Sanner og regjeringa garantert meine noko om.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør