– Dette er ei ku

Sundag kan arrangørane av «Open gard» på Nedstrand feire sine første 25 år. Eit arrangement, som er eit samarbeid mellom Tveit vgs. og Tysvær Bondelag, som også inkluderer andre organisasjonar.

Det har vore ein formidabel suksess kor tusenvis har komme til skulen for å treffe på levande dyr, møte kjentfolk, handle og kose seg. Det har rett og slett vore eit «gó arrangement» av høg klasse. Og frammøtet har vist at me treng slike dagar på garden.
I jubileumsåret lokkar dei med nyheiter og aktivitetar for liten og stor, og me tippar at det blir kø denne gongen også.
Men «Open gard» er meir enn berre eit arrangement. Det er på mange måtar ei bru over til ei verd der mange i dag dessverre ikkje har mulegheiter til å passere i kvardagen. Det er ei bru inn i ei næring som stadig blir utfordra, og som mange tar for gitt.
Me er i ei tid kor ein snakkar om regionalplanar og nye vegar. Om kortare reisetid mellom nord og sør på Vestlandet, og kor behova for nye, store bustadfelt, er viktige politiske saker. Frå sine små og store gardar ser bøndene at dette skjer, gong på gong. Matjord blir veid opp mot bustadutbygging. Beitemark mot veg. Trusselen mot anna bruk av matjorda er så sterk i Tysvær, at det bør vere blå lamper som lyser hos dei som regulerer.
Tittelen på leiaren i dag skal vere eit lite varsko til dei som bestemmer her i landet. I dag veit dei fleste kva ei ku er, og det vil me nok gjere ei stund til. Men me tar det som ei sjølvfølge at bøndene greier seg. At når ungar kjem til Tveit på sundag, så kan dei skile mellom ku og hest. Dei skjønar at det finst husdyr som gir mat, eller som av andre grunnar er nyttedyr. Spørsmålet er kor lenge? Når «Open dag» rundar 50 år ein maidag i 2041 er det kanskje ein stand kor ein kan få sjå bilete av husdyr. Inne i ein eller annan kinosal på skulen kan ein få sjå film, frå den gongen det var bønder i kommunen.
Bønder er viktigare enn mange vil tru, ikkje berre fordi dei driv med matproduskjon. Dei har også ei viktig rolle i å halde kulturlandskapet i sjakk. Dei gir arbeidsplassar, ofte plassar til kreative og arbeidsvillige ungdommar, som heller vil bruke nevane og kroppen, i staden for å sitte i ein lesesal.
Me må ikkje hamne i den situasjonen der me må fortelje ungane våre historier frå gamledagar når me skal snakke om landbruk og dyr. «Open gard» må vere eit moderne og aktivt arrangement, og ikkje bli ein historisk og nostalgisk møteplass for dei som hugsar ei ku langs vegen.
Gratulerer med dagen, og vit at de gjer ein viktig jobb for små og store.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør