1. juli vil Terje Hettervik igjen skysse folk over fjorden mellom Steinsvik og Borgøy. Han og Rotvær er klare. 
Foto: Mona Terjesen
1. juli vil Terje Hettervik igjen skysse folk over fjorden mellom Steinsvik og Borgøy. Han og Rotvær er klare.

– Endeleg får me ro

Folka på Borgøy har kjempa med nebb og klør sidan september i fjor. No har dei endeleg fått tilbake skysstilbodet sitt, og kan senke skuldrane.

Av Mona Terjesen
– Det betyr utruleg mykje at me fekk skysskontrakten. Endeleg kan me puste ut, og treng ikkje frykte for framtida. Eg har aldri fått så mange meldingar og telefonar før. Folk er så utruleg glade og letta, fortel Terje Hettervik, som frå 1. juli skal ha hovudansvaret for rutetilbodet mellom Steinsvik og Borgøy, med båten sin Rotvær.

Fleire om ansvaret
Føreutsett at det blir buande folk på Borgøy, vil Haugaland Skyssbåt AS ved Hettervik, stå for båttilbodet i fem år, med opsjon på ytterlegare fem år. Årsprisen er 860.000 kroner.
– Då eg stod for skyssen tidlegare, jobba eg døgnet rundt heile året, utan verken helgefri eller feriar. Det blir det heldigvis ei ordning på no. No er me fire stykk som skal kjøre. Eg skal ha dette som ei halv stilling og kjem til å ha hovudansvaret, men så kjem Roald Hettervik, Elmer Nordgård og Frank Hettervik til å avløyse meg i helger og nokre veker når dei har fri. Så no er eg overbevist om at dette kjem til å fungere veldig bra, seier Terje Hettervik.

Les heile saka i papiravisa