Synnøve Bredal Bjelland og Solgun Liestøl får høyre valresultata av ordfgørar Sigmund Lier (t.h.). det var god grunn til å vere glad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Synnøve Bredal Bjelland og Solgun Liestøl får høyre valresultata av ordførar Sigmund Lier (t.h.). Det var god grunn til å vere glad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Soleklart JA i alle krinsar

71 prosent av dei som møtte opp og røysta i målsaka i dag, vil ha nynorsk på skulane i Grinde og Tysværvåg. – Ein stor siger for det arbeidet me har gjort. Nå held kampen fram, lovar Tysvær Mållag.

Tala frå dei tre krinsane som ein kunne røyste i var svært tydelege. Det var ja til nynorsk i alle tre og tala låg rundt pluss minus 70 prosent.
– Me har vore så spente og har jobba så hardt for dette i lang tid. At dei som møtte opp støtta oss på denne måten er heilt fantastisk. Dette er ein stor kveld for oss, seier Synnøve Bredal Bjelland og Solgun Liestøl i Mållaget.
71 ja og 29 nei er på mange måtar ein soleklar siger i det som er ei rådgjevande røysting, som nå skal bli ei sak for lokalpolitikarane.
Men, det er eit stort men i saka. Berre 19 prosent av dei omlag 3.400 som kunne røyste møtte opp.

Utfordring
– Tala er klare og viser tydeleg kva dei som røysta meiner om saka. Nå skal alle tala på bordet til rådmannen som skal lage ei politisk sak om dette, og den skal vere klar i august, og endar opp i kommunestyret i september, seier ordførar Sigmund Lier.
– Overraska?
– Nei, ikkje over resultatet, men litt over valdeltakinga. Dette blir utfordrande for dei som skal jobbe med saka vidare, og det inkluderar politikarane, seier Lier.

Tala
Her er tala for dei tre krinsane:
Grinde: 67,5% ja – 32,5% nei
Tysværvåg: 78,0% ja – 22% nei
Førland: 68,4% – 30,5% nei + ei blank stemme
Totalt: 715 ja – 29% nei.