Folk stod både inne og ute for å høyre på Borghild Yrkje. Foto: MSF
Folk stod både inne og ute for å høyre på Borghild Yrkje. Foto: MSF

Fullt hus på Hesthammar skule

Pedagogen, eller meir tidsriktig; lærarinna Borghild Yrkje hadde ikkje gløymt sine gamle kunster . Hesthammar skule var meir enn overfylt.

I nærare ein klokketime trollbatt ho ein fullsett Hesthammar skule – pluss dei som ikkje kom inn, men som lytta i døropning og ved ope vindauga.
Nærare 80 hadde møtt fram, noko som vel må vera rekord. Med hjelp av barnebarn Helene Mørch Yrkje som las frå protokollar, planar, karakterbøker og andre skriftlege kjelder, greidde Borghild å gi eit morosamt, levande og interessant bilete av korleis det var å ha ansvaret for 15 elevar som student i 1962/63 og då ho kom tilbake til skulen som utlært lærar i 1965. Og etterpå var det godt med ein kaffetår, julebrød og drøs om gamle dagar.
«Dette var kjekt» – sa ein tidlegare elev.