Denne trioen inviterte til skulekino. Frå venstre: Marit Lothe, Benjamin Ree og Øystein Simonsen. Foto: Ingvild Myklebust
Denne trioen inviterte til skulekino. Frå venstre: Marit Lothe, Benjamin Ree og Øystein Simonsen. Foto: Ingvild Myklebust

På skulekino med regissøren

I føremiddag er spente 8. klassingar i Tysværtunet på skulekino for å sjå den rykande ferske dokumentarfilmen «Magnus». Med på framsyninga er regissøren sjølv, Benjamin Ree.

Filmen handlar om sjakkgeniet Magnus Carlsen.
Regissør Ree er på Haugalandet i høve filmfestivalen, og er også med på skulekino der filmen hans blir vist, der han sjølv fortel om korleis filmen blei til. Han synest det er fint at filmen hans blir vist som skulekino.
– Eg håpar at ungdommen likar filmen. Filmen handlar om Magnus frå han var fire til han var 22 år. Ein stor del av filmen handlar om han då han var 13 år. Her trur eg kanskje nokre av ungdommane kan identifisere seg litt med han, og korleis han mellom anna opplevde skulegangen, seier Ree.
Også kulturhusleiar Øystein Simonsen synest det er særs viktig at ungdom har skulekino, og trur denne dokumentarfilmen kan fenge dei.
– Skulekino er viktig fordi det er ein del av skulen. Eg trur også er også viktig for populærkulturen til barn og vaksne at ein går på kino. På skulekino viser ein også ofte filmar som ungdommen kanskje ikkje ville valt å gå å sjå på kino sjølve, seier Simonsen.

Premiere
Han synest filmfestivalen er eit godt høve til å få regissørar på besøk til å fortelje om filmane sine.
– Regissørane er allereie i området for å gjeste filmfestivalen. Då er det ein fin moglegheit for oss å få dei til å vere med på framsyninga for elevane, seier han.
Simonsen fortel at då elevar frå Vindafjord såg filmen tidlegare i dag, hausta den gode kommentarar frå lærarane.
– Sjølv synest eg dette er ein knakande god film. Personlegdomen til Carlsen kjem godt fram, samt spelestilen hans når det kjem til sjakk, skryt Simonsen.
Filmen hadde premiere på filmfestivalen i Haugesund i går, måndag.