Bjørn Alsaker og Signe Eikenes fra Statens vegvesen snakka til ein smekkfull sal. Foto: Mona Terjesen
Bjørn Alsaker og Signe Eikenes fra Statens vegvesen snakka til ein smekkfull sal. Foto: Mona Terjesen

Nye E39 – rett gjennom Aksdal

Den nye ferjefri E39 går rett gjennom bebygde strøk i Tysvær og gjennom Aksdal sentrum. Statens vegvesen la i kveld fram sine linjeforslag i Tysværtunet.

Slik går vegvesenet sine veglinjeforslag gjennom Tysvær. Foto: Mona Terjesen

Slik går vegvesenet sine veglinjeforslag gjennom Tysvær. Foto: Mona Terjesen

– Kvifor legg dokker ikkje vegen på sørsida av Aksdalsvatnet heller, istaden for rett gjennom sjølve Aksdal, spurte kommunetilsett Johnny Wannberg, under møtet.
Han var éin av mange som stilte spørsmål etter at representantane frå Statens vegvesen hadde vist fram det stipla kartet med forslaga sine.

Få svar
For dei nye veglinjene opptar mange, og storsalen i «Tunet» var smekkfull under kommunen og vegvesenet sitt folkemøte torsdag kveld. Mange ønskja svar på om dei skal legge byggeplaner på is, kva som skjer med garden deira, med trafikkbilde i nærområdet deira og så vidare. Men det var ikkje lett for vegvesenet å komme med konkrete svar. Dei har fleire linjealternativ å gå etter, og no treng dei i første omgang innspel frå folk – angåande eventuelle omsyn dei må ta. Natur, jordbruk, fiskeri og akvakultur, andre naturressursar, kulturminne og ikkje minst planane til kommunane har dei allereie tatt med i berekninga.

Mange ledd
Det blei fort klart kor kostbart det er å bygge veg, særleg av dette kalibaret, for trass i at fleire løysningar tilsynelatande gjer mindre skade, enn dei som vegvesenet har landa på, er dei vurdert som for kostbare til å gjennomføre.
Som ein ser på bilde, så vil vegen, uansett alternativ, gå rett gjennom heile Tysvær på langs, gjennom eigedomar og bustadområde. Men før ein veit nøyaktig kven som blir ramma, og før nokon kan få uttale seg i ein høyringsprosess, er det mykje som skal på plass. Slik blir saksgangen:
– Prosjekt våren 2015
– Planprogrammet hausten 2016
– Planforslaget våren 2017-haust 2018
– Traséval 2018/2019 – vidare planlegging

Ordførar Sigmund Lier fekk sjå veglinjene i ettermiddag, og legg ikkje skjul på at om det blir som vegvesenet foreslår, så sett det kjeppar i hjula for fleire av Tysvær sine prosjekt.
– Dette blir ein tøff prosess for mange. Me kjem til å hjelpe folk med å få fram innspela deira og syte for at meininga deira kjem fram. Mange blir berørt her, og me har omsynssoner i Slåttevik, Grinde og Aksdal. Kjem vegen over Mjåsundbrua og vestover, så det sjølvsagt legge føringar for planane våre i søre del av kommunen. Det same gjeld mellom anna Aksdal næringspark, fleire buforhold og kommunal planlegging, kommenterer Lier etter møtet.

Vegvesenet informerer om at det vil komme områdebilde av dei plassane som er under vurdering.