Grusen hagla då Sigmar Myhre og Harald Stakkestad tok spadestikket som markerte at arbeidet med å sette opp «Tolboden» i Nedstrand er i gang.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Grusen hagla då Sigmar Myhre og Harald Stakkestad tok spadestikket som markerte at arbeidet med å sette opp «Tolboden» i Nedstrand er i gang.

Søv ikkje

LidoLido har servert oss singelen «Sleeping On My Piano» som ein smakebit på det som skal bli oppfølgaralbumet til suksessen «Pretty Girls & Grey Sweaters».

Om ikkje 20-åringen frå Frakkagjerd søv så har han tidvis i låta senka tempoet ned til melodiøs rap/pop. Og det fungerer bra fordi artisten gir av seg sjølv på vokal slik me er blitt kjent med stemma gjennom tildømes hitane «Different» og «Turn Up The Life».

Og når LidoLido verkeleg gir av seg sjølv så fungerer dette også i dempa form. Spesielt i refrenget, som startar med tittelen på singelen, så høyrer me kvaliteten til songaren Losnegård. Det er dei som stiller spørsmål om hans vokale prestasjonar er gode nok, men nok ein gong blir ein freista til å slå fast; Jo, dei er det på slike låtar som dette.

Me har latt songen surre å gå. Både høgt, og det fungerte greitt, men aller best når me skrudde ned volumet litt. Det er lyttbart og det er LidoLido.

Kva vei artisten går med det vidare arbeidet med ei ny plate er vanskeleg å tolke ut frå ein song. Men for dei som venta på nytt frå Frakkagjerd, så var dette godt nytt, sjølv om det er fleire av oss som likar best når det er litt meir trøkk i «pianoet» til Peder Losnegård.

Alf-Einar Kvalavåg

Sleeping On My Piano

Singel
«Sleeping On My Piano»

Bilde 11

LidoLido

Universal