Her kommer bildetekst
Her kommer bildetekst

Lattermild men ujamn språkleksjon

Are Kalvø og Espen Beranek Holm er dyktige med ord. Dei kan underhalde, men klarte ikkje halde tempoet oppe heile vegen.

For all del, me lo så me rista og applausen i salen kom ofte og var spontan. Men når dei er så dyktige både i sin forteljarkunst, sine nådelause parodiar og samstundes også kan briljere musikalsk, så er fallhøgda stor når det ikkje fungerar maksimalt.

Konseptet til dei to herrane var like enkel som genial, «kunsten å kommunisere». Eller leiken med språk og ord, som det likegodt kunne vore.

Framføre omlag 200 godt vaksne tysværbuar kom dei godt i gong. Dei hadde nytta internett til det svært mange gjer, før dei kjem til Tysvær, nemleg å finne ut kva det er med Tysvær. Smart og slett ikkje uefent, spesielt når dei hadde fanga opp at Tysværtunet er det «einaste» kulturhuset i Noreg som ikkje heiter eit eller anna med kulturhus til slutt.

Oppramsinga av alle kulturhusa dei har besøk, som då heiter kulturhus til slutt, er eit godt døme på gjentakingsmomentet som dei to, og spesielt Kalvø er kjent for. Ein veit kva som kjem, men vil så gjerne at dei ramsar opp likevel.

Politisk sjarm

Dei som hadde sett av den fine vinterkvelden til eit besøk i «Tunet» hadde nok ymse bakgrunn og forventningar til duoen. Mange venta i spenning på parodiane. Og dei slapp vente lenge. Både Kongen, statsministeren og ei rekkje politikarar fekk passa sine påskrivne. Ikkje mobbande, men akk så treffande. Best var Kalvø sin livlege parodi på Jens Stoltenberg.

Ein annan runde med artige parodiar var vandringa i kjente stemmar frå fjernsynet. Ikkje alt var like morosamt, men tidvis trefte dei blink og fekk spontan respons frå publikum.

Musikalsk

Espen Beranek Holm hadde med seg gitaren og serverte både glansnummer og nummer som lett kunne vore kutta ut. Men nok ein gong. Går ein høgt ut i ein slik type show, så forventar ein at alt blir servert på øvste nivå.

På nettopp øvste nivå fann me NRK sitt «Nattønske». Der briljerte Beranek Holm både som den eine og den andre, medan Kalvø på nattønskevis dempa guida oss gjennom meir eller mindre tvilsamme ønske i natta. Sjølv dei som ikkje tok artistane på namn måtte gapskratte då Beranek Holm drog i gang ønskelåtane.

Viktig

Å kunne kommunisere er viktig, det er ein kunst. Våre menn på scenen gav tydlege døme på at det ikkje alltid er lett, og at det ein høyrer ikkje alltid er det som blir meint.

Difor betyr dialogen mellom kvinna som budde ein plass «der ingen kunne tru at nokon kunne bu» og programleiar Oddgeir Bruaset litt meir enn berre ei lang rekke ukjente og heimelaga ord. Me forstår det me vil, og det gjeld i alle anledningar og samfunnslag.

Og det var kanskje ein innertiar då dei to undra seg over at det finst nok av slike plassar til at serien kan gå på fjernsyn i meir enn ti sesongar. Kanskje me alle bur på ein stad der ingen kunne tru det gjekk ann å bu, og kanskje me snakkar ei dialekt som meir må tolkast enn skjønnast.

Kort oppsummert var den dryge timen med Are Kalvø og Espen Beranek Holm ein berg og dalbane av ei førestilling, kor det beste var ufatteleg bra, medan det som ikkje trefte oss heilt, var under middels. Men for all del, det var sjeldent mange smil å sjå på vegen ut av kulturhuset, som me alle hadde lært ikkje heiter noko med eit kulturhus.

 

Show

Are Kalvø og Espen Beranek Holm

Tysværtunet

Ei salig blanding av standup og musikalitet

Omlag 200 tilskodarar