Slik blir den nye traseen rundt Aksdalsvatnet i sør. Ein draum for turgåarar og syklistar.
Ill: Ing. John Alvseike
Slik blir den nye traseen rundt Aksdalsvatnet i sør. Ein draum for turgåarar og syklistar.

Snipp, snapp, ute…

Skjold sitt cupeventyr er over i dobbel forstand. Det blir ingen finalar i år etter tap mot Djerv 1919 og Avaldsnes.

Det har ikkje vore noko god cupveke for dei gulkledde i Grinde. Først røyk dei ut av Tyrkiareiser Vintercup og må sjå langt etter ein treningsleir i Tyrkia. I eit maraton av ein kamp i Haugesund blei det 2-2 og straffekonkurranse, ein konkurranse som blei avgjort då Morten Frøland blåste sin straffe langt over mål.

Cupen

Kampen mot Djerv 1919 var likevel ein spelemessig god kamp av Skjold. Are Søderlund skåra begge måla og skapte ein optimisme før cupkampen i NM mot Avaldsnes. Men den eventuelle cupdraumen blei dei vekka opp frå av Einar Utvik jr. allereie før det var spelt ein halvtime. Da hadde spissen skåra to og vekt vonde minne i Skjold-gjengen.

– Me er inne i ei rekkje kampar kor resultata og hendingane i kampane ikkje går vår veg. Det minnar dessverre om i fjor. I dag blei me prega av dei to første måla. Dei kom for lett, og me kom aldri skikkeleg inn i kampen att, seier kaptein Aleksander Nilsen.

Det var knytt spenning til Avaldsnes, som mange trur blir ein av Skjold sine argaste konkurrentar om eit eventuelt opprykk. I fjor låg dei to laga sist i 3. divisjon og var like dårlege. Nå viste det seg at Arild Andersen sitt mannskap hadde tatt store skritt. Spesielt tempomessig var det klasseskilnad på dei to laga.

– Nei, kva skal eg seie. Me var rett og slett ikkje på. Me var motiverte før start, men så stoppa heilt opp. Når me har så mange dårlege opplevingar i minne, stoppar det fort opp når me møter motgang. Får me opp humøret så kan dette snu raskt, meiner kapteinen.

Kjipt

Trenar Inge Eirik Skogland var ein fatta mann etter kampen. Han likte neppe det han såg på banen og strevde med å få gjort grep som kunne stoppe raske og innpåslitne AIL-spelarar.

– Målet vårt var å komme til 1. runde i cupen. AIL skulle passe oss godt nå, men det gjorde dei ikkje. Me tapte rett og slett mot eit betre lag som hadde enkeltspelarar som aleine var meir enn nok for oss. Det gjekk fort, men kom ikkje tett nok på og det blei ubalanse i laget vårt. Dette var eit resultat som blei såpass stort fordi dei var gode og me litt dårlege. Nei, dette var ikkje kjekt, sukkar Skjold-trenaren.

Dette var Skjold sin sjuande kamp i år. Fasiten så langt er to sigrar og fem tap.

– Kva gjer ein nå fram til seriestart?

– Me må halde fram med intensive og gode treningar. I tillegg har eg fått tilbod om to treningskampar. Me kjem nok til å takka ja til ein av dei. Me må ta tak i det som er bra og riste av oss desse to cupkampane, avsluttar Inge Eirik Skogland.

Faktaboks

Skjold – AIL 1-4 (0-2)

NM kvalik 1. runde

Grinde kunstgras

0-1 Utvik (15)

0-2 Utvik (31)

0-3 Brekke (48)

0-4 Skree Kvalevaag (75)

1-4 Aarås (90)

Skjold:

Eivind T. Rullestad

(Håkon Bådsvik frå 78.)

Morten Bådsvik

(Daniel Aarås frå 70.)

Jonas Risanger

Aleksander Nilsen

John Hettervik

Torgrim Nonslid

(Torleif Rullestad frå 45.)

Sigbjørn Tysvær

Espen Helgeland

Rune Lindanger

Are Søderlund

Morten Frøland