– Det brenn på Vestli

Det var sjølvsagt mange som følgde spent med på bråtebrannen på Vestli/Bratthammer på måndag. Først fekk me meldingar om at det var ein kontrollert bråtebrann. Så snudde vinden og ein hadde slett ikkje kontroll. Eller hadde ein det?

Brannberedskapen i ytre delar av Tysvær er blitt styrka dei siste åra etter at samarbeidet mellom Haugesund og Tysvær såg dagens lys. Dette samarbeidet fekk prøve seg på måndag då ein mista kontroll over flammane i vinden. Mannskap frå begge stasjonane jobba godt saman og ein hadde tydelege oppgåver. For oss som følgde sløkkinga på nært hald såg det ut som om det var kontroll, sjølv i dei mest hektiske periodane.

I tillegg var det også meldingar som kom ut frå åstaden til media, slik at folk kunne følgje utviklinga med korrekt informasjon. Politiet skal ha ros for oppdatert og korrekte meldingar, noko som hindra unødvendig frykt eller kaos.

At etatane fungerer saman ser ein når ein tel opp etterpå. Tysvær sitt bidrag var mannskap frå minst to stasjonar. Haugesund og Karmøy stilte mannsterke opp og ein fekk også god hjelp av frivillige frå både Raude Krossen og Sivilforsvaret. I tillegg til dette stilte både naboar og andre frivillige opp og gjorde ein formidabel innsats.

Brannen i fjellsida over Vestli viser oss dermed to ting. Brannberedskapen fungerer. Det er bra. Vêret og elden kan ingen stole på.

Dei som skulle svi av gamalt gras og lyng har gjort dette før og hadde søkt og fått godkjent arbeidet. Dei hadde valt ein dag med gunstig vindretning og hadde som sagt full kontroll så lenge det blåste frå sør. Men då nordavinden kom tok det fullstendig av.

Brannvesenet har den siste tida åtvara mot bråtebrenning. Dei har også irritert seg over at folk brenn søppel, kvistar og anna heime utan å varsle på førehand. Slikt er ikkje tillate og kan bli ei dyr oppleving for syndarane om dei blir tatt.

Ein er restriktive med å gi løyve til å drive med kulturvern, som bråtebrenning tross alt er. Å brenne kvister heime i hagen er ikkje det. Difor vil me vidareformidle oppfordringa frå brannvesenet i Aksdal.

– Ikkje brenn søppel, kvister og anna heime. Kjør det på ei søppelfylling.

Og etter måndagens oppleving på nært hald bør det vere ei påminning til oss alle.

Ein leikar ikkje med elden, uansett kor freistande det kan vere ein solskinsdag.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør