Ope brev til Rådmannen

Det har det siste året gått hardnakka rykte om at Rådmannen har eigarinteresser i eit firma som står bak AF Decom på Raunes i Vats ?!

Dersom dette er tilfelle, er ikkje berre Rådmannen inhabil, men har også sete på begge sider av bordet i forhandlingar mellom AF Decom og Tysvær kommune.

Både for Rådmannen og for Tysvær kommune vil det vere greitt å få ei avklaring av dette.

Ber derfor om ei orientering om dette, gjerne gjennom TB, eller Haugesunds Avis.

På forhand takk for svaret.

Steinar Stølsvik, Yrke