Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.

Tente håp for Aksdal

Spent på kva som skjer i Aksdal? Det var også omlag 50 frammøtte på eit opent møte mellom politikarane og diverse instansar i planlegginga av eit sentrum. Dei fekk ein del svar, men også nye spørsmål.

Det skulle eigentleg vere eit oppsummeringsmøte for å legge fram kor ein er i prosessen med å skape eit sentrum av Aksdal. Det var ein optimistisk ordførar som opna møtet, og han skulle raskt få meir å smile av.

– Me har nå komme fram til ei løysing av rundkjøringa som blir knutepunktet for E134/E39. Samstundes har me laga ei skisse for ei løysing av kollektivterminalen. Om kommunen nå klarer å få på plass ein reguleringsplan så kan me både få rundkjøringa inn i den nasjonale transportplanen, og kunne starte opp om halvanna år. Prisen på rundkjøringa er 44 millionar kroner, medan kollektivterminalen har ein prislapp på omlag 8,5 millionar. Den siste er det ikkje funne finansiering til, sa Ivar Torkelsen i Vegvesenet.

– Fantastisk

Ordførar Harald Stakkestad lyste opp av mulegheita som opna seg med å få det viktige trafikknutepunktet inn i NTP allereie nå.

– Dette var fantastisk. Dette er ein nyheit me hadde håpa på, og som det må ha komme ei løysing på denne siste veka. Nå må reguleringsarbeidet i gang, sa Harald Stakkestad.

Ein av grunnane til optimismen er at trafikk er utfordring nummer ein i Aksdal. Ingenting ser ut til å kunne falle på plass før ein har fått ei avklaring på veg. Difor var det knytt mest interesse til representantane frå Vegvesenet.

– Me er veldig inspirert av alt som er på tapetet i Aksdal. Men me har eit ansvar og må finne samfunnsmessig gode løysingar som inkluderer alt frå hovudferdselsårane, til dei mjuke trafikkantane. Samstundes som me har jobba med å få på plass rundkjøringa har me lagt inn ein bussterminal, og vurdert «lokk» over E134 og eventuelle bypass trasear forbi Aksdalkrysset. Alt dette må med i ei totalvurdering og me kan nå endeleg sjå at det er tid for å ta eit stort skritt vidare, sa Bjarte Børtveit i sitt innlegg.

Kjøpesenter

Etter å ha høyrt på Vegvesenet sine representantar var det tid for nye planar og idear knytt til «nye» Aksdal Senter. På ny var Kjetil Trædal Thorsen frå Snøhetta tilbake i Aksdal. Denne gongen med ein oppsummering, nokre nye idear og ein aldri så liten motivasjonstale.

– Grunnen til at me framleis er i Aksdal er at me har så stor tru på dette prosjektet. Det har så mykje spennande med seg og så mange mulegheiter at me ikkje kan, eller vil, sleppe det nå. Ein av grunnane til at me stadig tenkjer litt nytt er todelt.  Me må finne økonomiske mulegheiter knytt til den fortettinga og dei utbyggingane me har skissert. Det er eit litt komplisert bilete med utfordringar, som på ein måte opnar for nytenking, men på den andre sida også kan vere utfordrande provoserande for ein del. I dag vil eg presentere ei løysing med å legge til rette for bustader på taket av det nedsenka kjøpesenteret. Spennande og slett ikkje umuleg å få til, forklarte ein ivrig Trædal Thorsen.

Men det var også ein annan grunn til at Snøhetta framleis er på lag med ASU og Tysvær kommune.

– Det har vore mange meiningar att og fram. Det er ting som er vanskeleg å forstå. Men me har ennå ikkje fått ei anna oppfatting enn at det framleis er politisk vilje for å få utvikla Aksdal. Det er som det blir sagt av fleire her i salen i dag, her det vil skje i framtida. Så for oss i Snøhetta er det framleis fokus på Aksdal sentrum, lova den kjente arkitekten.

Sjølv om det var få kritiske spørsmål frå salen denne gongen er det tydeleg at pengar har vore og vil vere eit hovudspørsmål.

– Kor mykje vil Tysvær kommune garantere for?

– Kor mykje meir er Aksdal Senterutvikling (ASU) villige til å bruke?

– Kor mykje kan ein forvente av staten når det gjeld vegutfordringane?

– Kva er eigentleg verdien på dette området?

Mykje pengar

Det er ikkje sagt nokon pris, og det er vel heller ikkje muleg å spå kor mykje ei full utvikling av tettstaden Aksdal vil koste. Ein god milliard vil det nok fort bli dei neste 20-30 åra om ein går for den største planen, som inkluderer både bustadområde, næringsområde, vegløysingar, kjøpesenter og «den italienske landsbyen».

Ingen av spørsmåla over blei belyst denne gongen, men Leif Bjelland frå Eigedomsmeklar Rele var blitt utfordra til å finne ut kva verdi det ligg i arealet i Aksdal.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å komme med ein konkret sum. Me har komme fram til ein sum som ligg like under 180 millionar kroner sett over dei neste 20 åra. Så vil etableringar og plasseringa av dei være med på å skyve denne prisen opp eller ned. Gjer ein dei rette vala kan ein bruke eit høgare grunnlag enn dette. Plasserer ein tildømes næring der kor ein kunne bygd bustadar så kan det slå ut negativt, og motsett om ein set opp bustadar på dei mest lønnsame næringsareala. Det som kan seiast er at Aksdal er svært spennande og attraktivt sett med ein meklar sine auge, sa Bjelland.

Og var det nokon i salen som fekk tru på at staten kunne vere ein økonomisk hjelpar på vegen så blei dei raskt påminna verkelegheita då i Vegvesenet tok ordet mot slutten av møtet.

– Staten går inn og støttar prosjekt som ein ser samfunnsnytta og trongen for. Er det ein trong i Aksdal som gjeld vegløysingar som utbyggar ser og ikkje staten, kan ein berre gløyme å rekne med støtte. Vegprosjekt står i kø i Noreg og nokon form for «gåver» kan ein berre sjå vekk frå, påminna  Ivar Torkelsen salen om.

Viktig

Rådmann Arvid Vallestad fekk avslutte møtet med følgjande oppsummering.

– Me fekk gode innspel her i dag og eg må få lov til å seie at me står framfor ei travel men spennande tid når det gjeld reguleringsarbeid. Det blir eit vanvittig trykk på oss i administrasjonen framover. Eg håper og trur me langt på veg kan klare å komme med politiske saker knytt til Aksdal både før og etter sommarferien. Så konklusjonen på dagens møte må vere at me har tatt eit steg vidare i utviklinga av Aksdal sentrum, sa Arvid S. Vallestad.

Det var litt nytt, men framleis mange utfordringar knytt til sentrumsutviklinga i Aksdal. Frå venstre Bjørn Apeland, Ivar Torkelsen, Karsten Bjelland, Kjetil Trædal Thorsen og Birge Nymark.

Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kjetil Trædal Thorsen viste fram fleire døme på kor tett ein bør bygge i Aksdal. Kor realistisk det er kjem ann på viljen til å investere i Aksdal i åra som kjem.

Bjørn Børtveit kom med kveldens mest gledelege innspel då han kunne informere om at rundkjøringa er klar til å meldast inn til NTP allereie i vår.

Omlag 50 møtte til det opne møtet i kommunestyresalen. Dei fleste lokalpolitikarar som nå har eit stort ansvar i den vidare prosessen.