Kva vil vi med Aksdal?

Det har igjen vore eit ope møte om korleis utvikla Aksdal.

Vi fekk igjen høyra nokså svevande framtidsvisjonar for utviklinga. Planar som igjen bygde på ei rekkje usikre føresetnader. Og kva med sjølve ideen om å skapa eit nytt forretningssenter på sørsida av E136?  Det forundrar meg at det går an å skapa både begeistring for og tru på eit så usikkert prosjekt.   Vi fekk høyra om tenkte verdiaukingar på areala i området langt inn i framtida.  Kan vi basera utviklinga av området på slike tenkte inntekter?

Kvifor ikkje sjå på dei opphavlege planane og visjonane for utviklinga av Aksdal.  Her er vi ikkje i mål.  Då kulturhus og eldresenter skulle planleggjast i 1985 hadde vi eit stort ope møte med stort engasjement.  Kva skulle til for å skapa eit levande kommunesenter for Tysvær?  Kultursjef Gunnar Johan Løvik hadde visjonar for sentrumsutviklinga i Haugesund etter  Festivitet- og Turnhallbrannen i Haugesund. Desse visjonane presenterte han for oss i Tysvær overført til Aksdalutviklinga.  Korleis har ein utvikla levande  bysentra opp gjennom tidene? Jo, byen må utviklast rundt eit torg, ein marknadsplass. Til meir ein kan samla rundt denne plassen dess betre.  I Aksdal låg det til rette for mange aktivitetar rundt denne plassen: Kulturhus, eldresenter, idrettshall, kyrkje og ikkje minst forretningar.  Livet mellom husa kan bli like viktig som det som skjer i husa.  Der folk er, kjem det fleire folk. Vi er sosiale vesen som ynskjer å treffast på uformelle arenaer.  For å få dette til er det viktig med konsentrasjon i staden for spreiing som ein nå legg opp til.  Eit senter som berre baserar seg på butikkar blir eit fattig senter. I Aksdal ligg alt til rette for eit senter og samlingsplass med mange bein.  Vi er ennå ikkje i hamn med visjonen frå 1985.  Aksdal Senter greip den gongen ikkje muligheita til å opna seg opp mot torget/plassen.  Kanskje blei plassen  for stor?  Vi har ikkje klart å nytta potensialet på plassen med tilrettelegging av ymse aktivitetar som t.d. trimapperat som vi nå ser mange plasser rundt om i verden.

Kva med å gjera noko med dette no?  Kvifor ikkje samla i staden for å spreia. Vi treng folk som bur i Aksdal. Areala på sørsida av E136  må utnyttast maksimalt til bustader. Skal vi ha barnehage og skule i Aksdal, så er også sørsida av hovudvegen plassen.  Flott at vi har Aksdal senterutvikling som står på. Men mon tru om ikkje investeringane i forretningsdrift vil gi meir igjen dersom ein utviklar områda rundt Lars Hettervigsplass med t.d. parkering i underetasjar.   Det er her ein kan skapa ein arena der folk  treffest. Det er her vi kan få til landsbyen ved vatnet. Det er her vi kan få til aktivitet og trivsel!

No treng vi modige politikarar, planleggjarar og investorar.  For å hente eit slagord frå fjellvettreglane: Snu i tide!

Hartvig Waage