– Eg er veldig glad i korpset, i miljøet og alt det gir meg.
Rebekka Tysse smiler, ho gjer nesten alltid det. Det er skulefri og ho sitt trygt plassert i ein stol i Aksdal Senteret sin einaste kafé. Det er ingen tvil om at eit portrettintervju i ein alder av 17,5 år ikkje er noko spøk. Medan lunsjsvoltne folk hastar inn og ut fortel ho likevel lett om alt muleg frå då ho var lita og fram til draumar om ei framtid innanføre helse- og omsorgsyrket. For nokre få dagar sidan blei ho henta opp på scena i Førre skule av dirigent Jakob Birk i Førre Musikkorps. Tittelen «Årets musikant» heng høgt blant dei raudkledde og for Rebekka skjedde det ikkje utan ein viss klump i halsen.
– Eg er veldig glad i korpset, i miljøet og alt det gir meg. Me er ein utruleg flott gjeng som støttar kvarandre og har fin oppfølging av dei føresette. Kan vel nesten kalle oss ein storfamilie. Me får ros når me forten det og oppmuntring til å stå på vidare når det ikkje går så bra. Eg har sjølv vore i salen og høyrt Jakob lese opp teksten for årets musikant og tenkt på kven det kunne vore. Men i år ville han at eg skulle komme opp og høyre det. Det var stort og eg trur ikkje nokon er misunnelege. Det var berre skryt å få, seier Rebekka Tysse.
Tysse er vekas portrett i papirutgåva.
Faktaboks
Namn: Rebekka Tysse
Alder: 17 år
Bur: Førresdalen
Yrke: Skuleelev, Karmsund VGS
Sivilstand: Bur heime hos mor og far. Kjæraste med Thomas Knoff
Aktuell: «Årets musikant», skulelev og snart lærling.