Skjold 2013

Seriestart for Skjold

Det er nye tider i og rundt Skjold sin a-lagstropp. Etter ein rimeleg god haustsesong i fjor er det mange som forventar opprykk i år. Om det er så gode tider får tida vise.

Det er langt frå grønt i graset på Grinde stadion. På kunstgraset derimot er det vår i lufta og i morgon kjem seriefavoritt Avaldsnes på eit nytt besøk. Sist sprang dei heimelaget i senk og vann 4-1 og gjekk vidare i cupen. Nå er det kampen om tre poeng som gjeld. Spørsmålet ein kan stille er om Skjold har heva seg nok til at det blir «kamp» allereie i serieopninga, eller om Karmøy-laget er i ein klasse for seg sjølv denne våren.

– Me har som mål å vere blant dei tre beste denne sesongen

– Dei var gode og vann fortent når dei var her sist. Måndag vann dei over Stord i cupen og må nok finne seg i å vere favorittar både til å vinne serien og kampen i morgon. Men me hadde ein god treningskamp mot Nord (1-1) like før påske og gjer stadig framsteg. Så å legge seg ned før kampen tar til, er det ikkje snakk om. Me har som mål å vere blant dei tre beste denne sesongen, og det må me vise frå start av, seier «Årets spelar 2012» og kaptein Aleksander Nilsen.

Les meir om serieopninga og kor me tipper at Skjold ender i 2013.

[polldaddy poll=7011281]

Spelarstall 2013:

Aleksander Nilsen

Alexander Rossebø

Andreas B.N Jacobsen

Are Søderlund

Bjørnar Hompland

Christian Askeland

Eivind T. E. Rullestad

Espen Helgeland

Espen Vaka

Hilberg Nemeth

Håkon Andre Waage

Jan Einar Frøland

Jarle Stakland

John Hettervik

Jonas Risanger

Morten Bådsvik

Morten Frøland

Petter Sørensen

Rune Lindanger

Sigbjørn Tysvær

Torgrim N. Eriksen

Torleif Rullestad

Tom Andre Hauge

Thor A. Ingebrigtsen

Victor Erdal

Daniel Aarås