Stille påske

KRIM: Politiet i Aksdal kan melde om ei roleg påskefeiring i vår kommune.

Nokon har vore inne i ein feriebustad i Skjoldastraumen og nokon har knust nokre vindauge i eit hus under oppussing i Hersdalen.

– Konklusjonen må vere at dette har vore ei stille og roleg påske hos oss. Trafikken på europavegane har også gått greitt. For politiet har det stort sett gått i rutineoppdrag, seier lensmann Racing Tjøsvoll.