003OK

– Det ser ikkje ut i Nedstrand

Kaien er innfallsporten for mange som kjem til Nedstrand med ferja. Rot og skrot er det som møter dei.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Det er mange som har reagert på at Tysvær kommune kan vere kjent av at ein ferjekai midt i indrefileten av det som må vere Tysvær sin flottaste bygd ser ut som ein søppelfylling. Ord som pinlig og lite verdig blir brukt og da er det berre å sende spørsmålet vidare til teknisk sjef Per Ørpetveit.

– Eg har brukt litt tid dei siste dagane på å spore opp kva som har skjedd her. Det er ikkje kommunen som har lagra masse på kaien og det er heller ikkje me som har godkjent at det blir mellomlagra kvitevarar der. Det eg kan love er at me skal sjå nærare på dette og finne ei løysing i god tid før turistane kjem til Nedstrand, seier Ørpetveit.

– Kven er det som eig «rotet»?

– Slik eg har funne ut av det er det butikken som nyttar deler av kaien til mellomlagring av kvitevarer. Desse blir jamleg henta inn. Dette er ei midlertidig løysing slik eg har funne ut og då må me sjå nærare på om det er noko me kan gjere for å få dette løyst på ein betre måte. Eg kan ikkje finne at me har gitt løyve til ei slik lagring. Teltet som er sett opp er i forbinding med oppsettinga av «Toldboden», eit arbeid som mange ser fram til skal starte opp. Så konklusjonen må vere at her er det litt forskjellig som skjer, som totalt gir eit dårleg resultat, seier Ørpetveit.

Les meir i papirutgåva