Skjermbilde 2013-04-04 kl. 22.53.43

Etne – Falkeid 5-2

Etne vann heile 5-2 (3-1) over Falkeid i seriepremiera i kveld. Trenar Frode Hundsnes skåra begge for Falkeid.

Rapportane frå Etne var nedslåande på vegne av Falkeid. Heimelaget spelte ein god kamp og gjestane fekk svært lite til. Frode Hundsnes skåra på straffe før pause og laga eit flott mål frå distanse etter kvilen.

– Falkeid har mykje kvaliteter i laget så her må me berre brette opp ermene og vinne neste kamp, seier Olav Askeland som har lagt ut et fyldig referat på klubben sine heimesider:

http://www.kxweb.no/portal/theme/organization/news/show.do?id=9243333

Faktaboks

Falkeids lag:

Øystein Odland, Stian Susort (Glenn Vea fra 45. min), Rune Erland, Geir Espevik, Kenneth Kristiansen (Vegard Øvrebø fra 45. min), Frode Hundsnes (Stian Knutsen fra 83. min), Jan Kåre Frøyland, Joar Øvrebø (Espen Knutsen fra 83. min) Jan Egil Kallekodt, Sondre Voll, Olav Askeland (Stefan Mjånes fra 2. min).