Espen Vaka skåra for Skjold mot Avaldsnes.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Vaka skåra for Skjold mot Avaldsnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Trist serieopning i Grinde

Skjold tapte 1-5 for Avaldsnes i fredagens seriekamp. – Ikkje godt nok av oss dette, meinte målskårar Espen Vaka.

Det var venta at Avaldsnes skulle ta grep om kampen i Grinde. Men det gjorde dei ikkje før Morten Aarvik skåra etter 27 minuttar. Då virka det som om heimelaget blei ekstra anspent og rota det til for seg sjølv. 0-1 blei til 0-3 før pause.

– 1. omgang var skikkeleg dårleg og me slepp inn lette mål i mot.

– 1. omgang var skikkeleg dårleg og me slepp inn lette mål i mot. Då blir det vanskeleg. Det var mykje betre i 2. omgang. Då er me med og skapar ein del halvsjansar. Så får dei to lett mål til og me får ikkje trøystemålet før på overtid, seier Vaka som kjempa ballen i mål fire minuttar på overtid.

– Eg trur ikkje me var defensive i tenkinga før kampen, men eg såg det blei tungt for ein del av spelararne når dei fekk dei første måla. Nå har me Lura i neste kamp, nok eit lag med ambisjonar om ei topplassering. Me må berre sjå framover og registrere at me ikkje er der me burde vore i kveld, seier trenar Inge Eirk Skogland.

Avaldsnes vann heilt fortent 5-1, men så mykje betre enn Skjold var dei ikkje. dei fekk ballen i mål på sine sjansar, medan heimelaget ikkje evnar det akkurat nå.

Fleire kommentarar, spelarbørs og kampfakta får du i papiravisa på torsdag.

Vil du ha avisa rett i postkassen bruk abonnementlinker øvst på sida.

Ølen – Lura 0-6

FKH3 – Djerv 1919 4-0

Vedavåg – Forus&Gausel 5-1

Faktaboks

Skjold 1 (0)

Avaldsnes 5 (3)

0-1 Morten Aarvik (27)

0-2 Kent M. Bøe (34)

0-3 Morten Aarvik (45)

0-4 Akos Kovring (82)

0-5 Einar Utvik jr. (87)

1-5 Espen Vaka (90)

Gult kort: Christian Askeland (pga. giftering)

Tilskuere: ca 100