Dagleg leiar hos Aksdal Bil, Einar Kirketeig, fortel at dei leverer frå seg denne lappen etter at dei har skifta om dekka til folk. «Me har hatt hjula av bilen din. Ettertrekk alltid hjulmutterar/boltar etter kjørte 50 km» står det. 
Foto: Mona Terjesen

– Ikkje skift dekk enda

Både politiet, NAF, Vegvesenet og bilverkstadar anbefalar bilistar å vente med å skifte om til sommardekk.

Av Mona Terjesen

Det heiter seg at ein skal skifte om til sommardekk første måndag etter påsken, 1. mai nord i landet. Men det er ikkje dermed sagt at ein må skifte nettopp da. Ein skal sko bilen etter forholda, heiter det seg.

– Me rår ikkje folk til å bytte om dekka enda, det er framleis kaldt og frost ute, ein skal sjå på forholda og sko bilen deretter, seier lensmann Racin Tjøsvoll.

Hos Aksdal Bil merker dei at folk er trufaste mot datoane og kjem for å skifte dekk etter påske, men også dei rår folk til å vente.

Les meir om dekkskift i papiravisa.