Justin, jenter og sånn

Det går føre seg ein herleg debatt for tida. Den handlar om eit ungpikeidol med stø kurs for Telenor Arena.

Det handlar om jenter som skal ha fri frå skulen for å komme tett på og oppleve det som for mange av dei verkar som det viktigaste i livet akkurat nå.

Justin Bieber er «hot» det skjønar sjølv me gamle og halvt utdaterte. Og nokre av oss skjønar hysteriet. Me har sett det før og me har høyrt våre føresette fortelje om det. Elvis, Beatles og A-ha.

Likevel skil dagens «Beliebers» seg ut. Deira samhald og felles dyrking av den unge canadiaren er å ta heltedyrkinga vidare til eit nivå me utanføre dette berre må akseptere og nærast la oss imponere av. Eg ser det er dei som meiner det er galskap, men då må ein nesten be dei opne auga og sjå seg om i verda etter det som med rette kan kallast galskap. Dette er i beste fall galskap som ein må finne seg i.

Kvifor?

For det første har eg latt meg imponere over fellesskapen hos desse jentene, for det er flest jenter. Dei ler saman og dei grin saman. Dei deler og dei gir. Kampen om dei 75.000 billettane har vore stygg og intens, men dei står framleis saman. Det er «Belieberane» mot det som har virka som ein delvis kynisk billettmarknad. Det kan sjå ut som om nokon skal gjere seg skikkeleg rike på hysteriet. Det finn ikkje jentene seg i og står i felles front mot dette.

Den siste veka som er att får me vite om dette samhaldet står ved lag. Nå skal svartebørshaiane gjere sine kroner og dei aller siste billetane seljast.

Tilbake til det med skule. Skal ein gi elevar fri for å reise på ein konsert? Skal ein flytte tentamenar?

Svaret må vere eit ja. Ikkje fordi skulen skal gi fri kvar gong nokon skal på konsert, eller vil reise på tur til Syden – berre fordi ein kan få turar til halv pris i skuletida. Dette kan ikkje bli ein skuledebatt, dette handlar ikkje om korleis ein skal gi etter frå press mot skulen. Nei, dette handlar om noko unikt sett i eit historisk perspektiv. Så får me som er vaksne og slett ikkje har den same interessa for Justin berre bite i oss at det i våre auge ikkje er noko viktigare som skapar debatt.

Så får me berre innsjå at det ikkje er oss vaksne som blir tilfredstilt denne gongen. Me får heller vere så vaksne at me legg til rette for dei 75.000 meir eller mindre hysteriske som skal på tur, ta imot dei når dei kjem utmatta heim og ikkje minst stille opp for dei minst like mange som ikkje fekk reise til Telenor Arena.

Dette er ikkje noko som skjer ofte, det er som Leif Juster sa; mot normalt. Heldigvis.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør