Espen Helgeland skåra etter eit minutt mot Lura. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Helgeland skåra etter eit minutt mot Lura. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

2-0 blei til 2-4

Lura – Skjold 4-2 (0-2) Espen Helgeland og Espen Vaka skremte Lura på bortebane. Men ikkje nok.

Heimelaget slo kraftig tilbake og vant til slutt 4-2.

– Dette var surt, er første kommentar sørfra.

Espen Vaka var så sporty og sendte følgande melding like etter kampslutt:
– 1. omgang starta perfekt med et nydeligt frispark rett i vinkelen av Espen Helgeland. Føler me har full kontroll heile omgangen å sleppe dei til lite sjansar. Så får me 2-0 etter eit bra angrep. Å kontrollere grett inn til pause.

– Blir enige om å forsatt stå høgt i 2.omgang, funke bra i 10 min men når dei får 2-1 så rakna det totalt. 4-2 på overtid når me jage utligning.

Trenar Inge Eirik Skogland har sendt denne tekstmeldinga i stikkordsform (og dialekt)

– Ok første 60, leder etter 1 min på årets mål av (Espen Helgeland). Så har me mye av spillet og er farlige, de får og noen kontringer i den perioden. Så slår Morten (Førland) en crossover direkte i bakrom te Espen (Vaka), rolig mot keeper og 0-2. Leder det te pause. Bestemmer oss da for å få 0-3, istedet får de noen fete muligheter, overtar initiativet og får 1-2. Så prøver vi igjen, men ikkje hell. De får 2-2, 3-2 og 4-2 etter hverandre, men vi får det ikkje heilt te. Men i 60 min va me goe, og synd me ikkje fekk 0-3 tidlig, då hadde me tatt dei.

Res 4. divisjon:

Nord – Ølen 1-2

Sauda – Vedavåg 2-2

Lura – Skjold 4-2

Faktaboks

Lura-Skjold 4-2 (0-2)
Lassabanen
0-1 Espen Helgeland 1 min
0-2 Espen Vaka 25 min
1-2 Øystein Elvestad 50 min
2-2 Michal Bekke 65 min
3-2 Aslak Ravndal 79 min
4-2 Eivind Aastveit 88 min
Gule kort: Espen Vaka
Laget:
Alexander Rossebø –
John Hettervik-
Aleksander Nilsen-
Tom André Hauge-
Morten Bådsvik-
Morten Frøland-
(Torgrim Eriksen 85 min)
Rune Lindanger-
Espen Helgeland
(Bjørnar Hompland 87 min)
Espen Vaka
Are Søderlund
Hilberg Nemeth-
(Christian Askeland 75 min)