Årsmøte i historielaget

Tysvær Historielag har hatt årsmøte. Her er eit referat frå møtet som var i Hervik.

Torsdag 21.03 haldt Tysvær historielag årsmøte på Rogaland Konservefabrikk i Hervik. Mykje godt arbeid kunne summerast opp, både film, nasjonal utmerking og utanlandsbesøk. Møtestaden var ikkje tilfeldig valt, hjørnesteinsverksemda som Tor Romseland no leier har lange tradisjonar, Torvald kunne fortelje.

 

av Håvard Førland

Torvald og Tor Romseland på Rogaland konservefabrikk i Hervik var vertskap. Rundt 25 personar var til stades på personalrommet. Atle Heskja ønska velkomen, og han fortalde om Hervik som bygd med kreative og dyktige personar og slekter som stod/står for sysselsetting og næring til glede for lokalsamfunnet og kommunen.

Konservefabrikken

Torvald Romseland, som er godt oppi 80-åra, hadde eit svært interessant kåseri om bygda og alle aktivitetane der fram gjennom tidene.  Landhandel, steinindustri, ferdighusfabrikk og kva ein skulle gjera med frukta ein hadde kjøpt i Hardanger og som ein ikkje greidde å selja vidare; sjølvsagt sette dei i gang med safting og sylting og dermed hadde Konservesfabrikken starta!

Han fortalde om gleder og sorger i samanheng med verksemda fram gjennom tidene, om straumforsyning ved bruk av tyske ubåt-batteri, oppkjøp av ståltankar frå nedlagde meieri, utfordringar med vassforsyning og initiativ til vassverk, og problem med vegen til Hervik som ikkje heldt nødvendig standard for store køyrety med bær og sukker som etterkvart måtte til etter at transport med skip var slutt. Ein sat igjen med eit inntrykk av at utan arbeidsame og kreative menneske som romselandsfolket er hadde dette aldri gått !

Vi fekk høyre om då sonen, Tor Romseland overtok som dagleg leiar i 1997. Torvald fortalde om knallhard konkurranse med konkurrerande verksemder som Nora, Lerum og andre, og om postordre til direktesal til butikkar og no som leverandør til dei store daglegvarekjedene.

Så var det tid for årsmelding og val.

Årsmelding 2012

Laget har hatt 7 styremøte i 2012 og handsama  52 saker. Ei sak som dei har brukt mykje tid på i 2012 er digitaliseringa av fotoarkivet til Tysvær Bygdeblad.

Laget har 114 medlemmer og ein forholdsvis god økonomi.

Rogaland historielag hadde årsmøte 17. mars Tou brygge, Stavanger. Atle Heskja og Vidar Aarhus var utsendingar

Atle Heskja og Vidar Aarhus deltok også på rådsmøtet til Rogaland Historie og Ættesogelag i nordfylket den 17. oktober, og John Ragnar Susort representerte Tysvær historielag på 100 års jubileet til Rogaland Historielag i Sandnes 10.november.

Digitalisering av fotoarkivet til Tysvær Bygdeblad.

Då Tysvær Bygdeblad flytta ut av Tysvær Rådhus, fekk Tysvær historielag overta eigedomsretten til fotoarkivet. I lokala til Frivilligsentralen har dugnadsjobben skjedd på kveldstid.

Film om Lars Hertervig.

Fleire av medlemmene våre og andre Tysværbuar var statistar i filmopptak  fleire stader i Tysvær i samband med ny film om Lars Hertervig 15.,16. og 17. juni.

Midtsommarfesten i juni.

Måndag 18. Gamle Hesthammar skule, salmesong og deling av minne frå ei svunnen skuletid.

Onsdag 20.var det historisk vandring frå Vårå. Guide var Gunnar Øie

Torsdag 21 var det vandring langs den gamle kyrkjevegen frå Slåttevik til Tysvær kyrkje.

August : Besøk frå Clifton, Texas.

Laurdag 11. august var historielaget vertskap for delegasjonen i ei kveldseta heime hjå Anne-Kjersti og Vidar Aarhus. Som gjester var også generalkonsul Jostein Mykletun, fylkesmann Tora Aasland, leiar i Migrasjon Rogland, Tarald Oma, ordførar Harald Stakkestad, rådmann Arvid S. Vallestad, kultursjef Ingvar Frøyland og medlemmer av styret i historielaget.

Det vart skrive ein intensjonsavtale mellom Tysvær kommune og Clifton datert 13.august 2012. Kommunane skal samarbeida innanfor kultur, undervisning og næring.

Tysdag 14. august, delegasjonen reiste til Finnøy og om kom bord i “Restauration” med sjøreis til Stavanger.

Kveldsvandring.

Måndag 1. oktober var historielageet på besøk hjå Johannes Østensjø på Klovning. Han stod for ei interessant omvising. Det er planar om ny omvising våren 2013.

bLEST –veka.

Måndag 5. november: bokkveld på Arquebus med forfattarane Aslak Nore og Asgeir Lode.

Torsdag 8. november: eventyrkveld i «Black Box» i Tysværtunet.

Laurdag 10.november: Låve-bLEST i samarbeid med Kvinnesland frilynde ungdomslag, Tysvær bygdekvinnelag og Jan Henning Kvinnesland.

Bokkveld

torsdag 6. desember. Historielaget i samarbeid Aksdal Bok og Papir. Asgeir Lode presenterte boka si: Englandsfarerne. En Jærsk tragedie.

Boksalg.

Salet av bøker går bra. Det er 26 att av 1000 eksemplar av “Matkultur i Tysvær i kvardag og fest,før og no”.  og 154 (av 590) av boka “Hvorfor jeg kom til aa reise til Amerika” om Hans Rønnevik. Boka ”Mammen”(opplag 300) er trykt 2.opplag er nå utgitt i 100 nye eksemplar. Av desse er 84 att. Av gamle bøker har vi att 99 eks av «Skjoldafjorden», 14 eks «Vestover» og 2 eks «Sjøens folk fortel».

Cleng Peerson.

Professor Gunnar Nerheim ved UiS orienterte om Cleng Peerson sine siste år i Clifton 24.oktober på eit arrangement på Tysværtunet. På dette møtet vart det også offisielt at tysværbuane Thomas og Eldbjørg Mannes hadde kjøpt eigedomen som Cleng Peerson levde dei siste åra i Clifton.

Styret for 2012: Varamedlemmer: (for 1 år)

Vidar Aarhus leiar             Leif Inge Hervik

Atle Heskja, kasserar  Turid Bog

Dagfinn Silgjerd, nestleiar Arnt Kåre Rolland

Tor Sigurd Selvåg

John Ragnar Susort sekretær ny 2 år

 

Revisorar: Valkomite.

Ragnhild Jørgensen og Knut Førland Dagfinn Hellesøy og Tønnes Straum

Vidare arbeid

I etterkant av årmeldinga vart det mest merksemd om historielaget si vedtekne studiereise i Cleng Peersons fotspor i  2015 då det er 190 år sidan den originale «Restauration» la ut frå Stavanger i 1825  med folk frå Haukås, Heskja, Hervik, Hersdal, Rossadal og Slogvik ! Dei for til New York, vidare til Kendall County ved Lake Ontario og så til Fox River -(no «Norway») sør for Chicago i Illinolis.

Reisa går blant anna til Clifton i Texas der ein kan finna grava til Cleng Peerson, han vart gravlagd der i 1865.

Vidare ble husmannsplassen «Tiljemyrå» nær Kårstå-terminalen handsama, dette er i eit areal Statoil ønskjer å kjøpa. Historielaget har tidlegare fått disposisjonsrett til plassen, men det er store krav frå styresmaktene til istandsetjing av husa .

Sjølvsagt blei det markert at Sigmar Myhre vart heidra for Kongens metalje i året som gjekk, noko historielaget hadde tatt initiativet til i søknad.