35.000 kroner frå basaren går direkte til utstyr til det lokale brannkorpset i Nedstrand. Til venstre er Henning Bratthammer, Per Helle legg seg på båra, Gunnar Våge til høgre, og bak står Inger Johanne Djursvoll frå helselaget. 
Foto: Mona Terjesen
35.000 kroner frå basaren går direkte til utstyr til det lokale brannkorpset i Nedstrand. Til venstre er Henning Bratthammer, Per Helle legg seg på båra, Gunnar Våge til høgre, og bak står Inger Johanne Djursvoll frå helselaget.

Fekk inn 50.000

Nesten 50.000 kroner blei samla inn under Nedstrand Helselag sin påskebasar 27. mars. 35.000 av dei går direkte til nødvendig utstyr for det lokale brannkorpset.

Av Mona Terjesen

«Ei på jobben min på Tveit vidaregåande sa ho tippa me ville få inn 27.000 kroner, det hadde vore veldig kjekt å få så mykje, men me vågar ikkje spekulere for mykje». Dette sa Gunnar Våge frå det frivillige brannkorpset i Nedstrand då Tysvær Bygdeblad var på besøk i slutten av mars.

No viser oppteljinga at basaren innkasserte heile 50.000 kroner. Då alle utgifter var trekte ifrå, satt helselaget igjen med 43.000 til fordeling.

– Eit kjempefint resultat som er ny rekord for oss. Men så har me aldri samarbeida med brannkorpset om basar før heller. Dei har verkeleg stått på, skaffa flotte premiar og vore aktive loddseljarar. Me hadde styremøte i går, der bestemte me at 35.000 kroner skal gå til det lokale brannmannskapet. Dei treng masse nødvendig utstyr som det er viktig at dei får på plass, seier Inger Johanne Djursvoll frå Nedstrand Helselag.

Det var dei frivillige brannmenna som tok kontakt med helselaget og spurte om hjelp til å få inn litt midlar til eindel prekært utstyr.

– Me vil gjerne hjelpe til der me kan, det har me også gjort før. Då Nedstrandstunet trengte pengar til ein akuttsekk, tok sjukepleiargruppa kontakt med oss for hjelp. Det bevilga me 6.000 kroner til, fortel Djursvoll.

Les heile saken i papirutgåva.