Slik blir den nye traseen rundt Aksdalsvatnet i sør. Ein draum for turgåarar og syklistar.
Ill: Ing. John Alvseike
Slik blir den nye traseen rundt Aksdalsvatnet i sør. Ein draum for turgåarar og syklistar.

– Ingen blir sagt opp

Tysvær kommune må spare 27 millionar kronar innanfor omsorgstenesta i perioden 2013-2018.

Det vil merkast i form av færre institusjonsplassar og strammare prioriteringar i tenestene, samstundes som heimebasert omsorg blir styrka.

I går fekk formannskapet prosjektrapporten som påpeiker kor skoen trykker til handsaming. Nå skal det heile ut på høyring, før politikarane seier sitt 18. juni i kommunestyret. Det har lenge vore kjent at ein i Tysvær har for høge utgifter knytt til helse- og omsorgstenestene. Nå har ein med hjelp frå Agenda Kaupang gått nøye gjennom tilbodet kommunen gir og fått ein oversikt. Eit utval med representantar både frå det politiske og administrative nivået i kommunen har allereie fått fleire råd på vegen og stiller seg bak hovudkonklusjonane i den rapporten som ligg føre.

– Det blir i rapporten lagt fram forslag til omstillingar og endra drift som kan kutte i kostnadane over tid. Me må sjå på omstillingar som gjer at tilboda kan samkjørast, omleggast eller driftast på ein annan måte enn det me gjer i dag. Det gjeld innanfor, sjukeheimtenester, butiltak, heimetenester, psykiatri, avlastningstenester og dagtilbod. Kort sagt innanfor heile tenesteområdet me servar for innbyggarane våre. Målet er at tilbodet framleis skal ha god kvalitet, men utformast noko annleis og meir økonomisk for kommunen, seier omsorgsjef Annbjørg Lunde, helse- og førebyggingssjef Jofrid Vea Isdal, ordførar Harald Stakkestad og rådmann Arvid S. Vallestad.

Les heile saka i papirutgåva.