Kaizers trakk mykje folk til byen.
Foto: Silje T. Vangsnes
Kaizers trakk mykje folk til byen.

Roleg tross mykje festing

Det er ikkje meldt om unormalt mykje bråk etter laurdagens store arrangement i Haugesund. Mange tysværbuar satte kurs for byen, men skal i følge politiet ha oppført seg bra.

Når det både er Kaizer-fest i Djervhallen for fleire tusen og russedåp i «Vangen» må ein rekne med litt meir støy enn på ein vanleg laurdag.

Skal ein tolke loggen til politiet har i alle fall tysværbuen oppført seg. Me har også snakka med folk som har vore på byen og fått med seg avskjedskonserten til Kaizers Orchestra.  Dei melde om kanonkonsert, mykje kjekke folk og lite tull.