Avistid

Når Tysvær Bygdeblad dumper ned i postkassen i dag er me på veg til Svolvær i Lofoten og fire dagar med landsmøte for norske lokalaviser. Me er mange, me er små, men me er viktige.

Når ein les innkallinga til LLA sitt årlege treff så ser ein at mediebilete i Noreg er i sakte, men sikker endring. Men som dei fleste veit så veks ingen trær inn i himmelen og slett ikkje utan å bli vatna og gjødsla. Og for mange er landsmøtet, kor ein treff andre i same situasjon, eit påfyll av vatn og gjødsle for å bruke det bilete.

I forhold til dei store mediehusa har me eit enklare utgangspunkt å halde oss til. Me veit kven som er våre lesarar. Me veit kor dei bur og kva dei driv med. Me skal ikkje pløye i ny geografisk mark eller å vekse oss store utanom Tysvær sine grenser.

Eller skal me det?

Me får stadig ein vekkar når det dukkar opp e-post frå folk i Tyskland, Australia og USA. Dei les oss på nett. Dei abonnerer på det som i dag heiter e-avis eller er innom på heimesidene våre jamleg. Me er ein link mellom heimlandet og der dei nå bur.

For det er nettet som er årets tema. Det vanskelege nettet. Dei vanskelege brukarane.

Det er ein evig debatt om kor mykje ein skal legge ut frå papiravisa til nett. Kor ofte ein skal inn og legge ut nyhende. Kva ein skal satse på, og kor stor deltaking lesarane skal få vere med på.

Av og til får me høyre setninga som skremmer oss mest av alt: – Eg får med meg det som skjer i Tysvær på nett og då treng eg ikkje papiravisa lenger.

Det er døden for Bygdebladet på sikt. Me er ei papiravis og er heilt avhengig av at folk kjøper papiravisa. Det hadde kanskje vore lett for oss å berre blitt ei nettavis og latt det gamle fare, men det kan og vil me ikkje. Våre lesargrupper vil ha oss i postkassen. Jobben blir å fortelje dei som berre klikkar på nett at det er ein samanheng mellom betaling av papiravis og det som ligg på nett. Mange skjønar det for stadig fleire blir abonnentar.

På landsmøtet vil betaling for saker på nett vere eit heitt tema. Mange norske aviser har nå starta opp med betalingstenester for saker på sine heimesider. Også Haugesund Avis er på veg der. Me er det ikkje. Me vil halde fram med å gi våre papirlesarar og alle andre eit tilbod på nett. Men vårt hovudprodukt, som me kvar dag jobbar for skal bli betre og betre, er i papirformat. Slik er det og slik skal det vere kvar einaste torsdag.

Så får du velje då om du skal vere med på laget også i framtida.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør