Fordrekord2013

Oppjaga byvandring

FordRekord er tilbake, like kjappe i vendingane som sist. Her blir det ikkje spart på noko.

Bandet påstår sjølv at dei lager musikk for folk som drøymer. I Berlin, København, New York, Tokyo eller Barcelona. Eller i Haugesund eller Aksdal for den saks skuld. For albumet «Hei, e du min by?» er ein musikalsk lapskaus. Heldigvis med mykje kjøt. For her er det mange musikalske godbitar innan fleire sjangrar. Gitarrock, punk/new wave og anna musikalsk snadder har alt saman fått plass på det nye albumet.

Etter debuten «Perler fra Svin» lova bandet at den neste utgivinga skulle vise også andre sider av bandet. Og ja. Det er funne plass til noko nytt, men også heldigvis også fleire songar ala «Kyss meg», hiten frå debuten.

Dette er ei plate som kan kjørast i eit, men gjer seg minst like bra i mindre dosar. Skru opp volumet og la deg rive med.

Det opnar friskt med gjesteartist Jan Ingvar Toft og Ole-Jørn Borum i duett i tittelsporet. Stilig og stilreint, eit lurt val av opningssong. Så ber det vidare hurtig og med underfundige tekstlinjer gjennom «København» og «Hogga egen ved». «Klubbmann» er ein ny hit frå bandet og fører oss rett inn i «Program 95» eit av platas mildare augeblikk.

Ein personleg favoritt er «Øyeblikket» som også kjem i ein dansbar (!?) remix.

Ein grotesk «Valentines day» viser eit meir gitarinspirert FordRekord noko som også kom fram i «København». Gitarriff som svir i høgtalarane gir fart i songane.

«Hold deg våken» er ein popinspirert godlåt som tåler å bli spelt om og om igjen. Ut på oppløpssida kjem «Seinsommardagar» seilande mjukt og herleg etter eit par litt meir tunge stunder med Borum & Co.

Som grande finale har bandet valt ein engelskspråkleg song. «Coconut Moon». Ei laidback-perle som vitnar om at bandet har fleire bein enn det vestnorske språket å lene seg på. Ein strålande avslutning i mine auge.

Totalt sett blir dette ei svært spanande plate med mykje å både lytte og sjå etter. Her kan ein lese mellom både tekst og melodilinjer og oppdage nye ting. Den manglar den store hiten for å klatre opp på ein seksar, men for alt i verden. Dette er solid handverk, produsert av ein dyktig produsent og med fem dyktige musikarar.

Alf-Einar Kvalavåg 

Faktaboks

Hei, e du min by?

Fordrekord230

FordRekord

Øyvind Børgesen, trommer

Ole-Jørn Borum, vokal og bass

Lars Eirik Støle, keyboards

Jon Terje Aksland, gitarar

Leif Åge Vestbø, keyboards

Utgitt på: CCAP, 2013