Dag Frode Tønnesen skåra sitt 5. mål for sesongen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen skåra sitt 5. mål for sesongen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Sterkt av Stegaberg

Stegaberg kom under 0-1, men klarte gjennom ein god 2. omgang å få med seg heim eit poeng frå kampen mot Karmsund.

Det var Dag Frode Tønnesen som skåra for Stegaberg mot Karmsund i kveldens kamp

– Me låg under med 0-1 ved pause. Etter kvilen fekk mellom anna Dag Frode fleire sjansar og på ein av dei skåra han. Dei skåra på ein straffe, seier Frode Kallekodt som spelete back i kampen for Stegaberg.

Dei skåra på ein straffe

– Fortjent?

– Tja, me somlar litt i starten og dei hadde vel 1. omgang og me hadde 2 omgangen. Så det var nok greit, seier Kallekodt.

Allan Ochoa skåra for heimelaget.

Faktaboks

Karmsund 1 (1)

Stegaberg 1 (0)

5. div. avd 3

Sakkestad kunst

0-1 Allan Ochoa (str. 37)

1-1 Dag Frode Tønnesen (49)