Om Nedstrand blir droppa som stoppestad i Ryfylkebassenget vil det få store negative konsekvensar, meiner Nedstrand bygdeutval. Dei nektar og gi seg utan kamp og oppmodar kommunen til å skrive eit høyringsbrev snarast. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
No har kommunane grunn til å vere optimistar med tanke på ruteopplegget frå 2021.

Droppar Nedstrand?

Rogaland Fylkeskommune og Kolumbus foreslår å fjerne ferja til Nedstrand – Hebnes – Foldøy og Jelsa…

Av Mona Terjesen

Det vil seie at ruta vil stoppe på Helgøy. Men Nedstrand bygdeutval gir seg ikkje utan kamp.

– Dei andre kommunane blei informert om forslaget og fekk invitasjon til å komme med innspel til høyringsrunden, men ikkje Tysvær. Kvifor vår kommune ikkje er høyringsinstans i denne saka, skjønar me ikkje. Det var heilt tilfeldig at me blei gjort merksame på planane til Kolumbus og fekk snodd oss på ein femøring, fortel nestleiar i Nedstrand bygdeutval, Odd Harald Kvam.

Så fort dei fekk vite om planane om ferjetilbodsfjerninga sendte dei eit skriv til ordførar Harald Stakkestad, også gruppeleiarane i dei ulike politiske partia blei informert. Tysdag tok dei folkevalde opp saka i formannskapet.

– Eg lurer på kva ordføraren gjer med dette? Kjem kommunen til å kontakte Kolubus og påpeike at me er forbigått, at me ikkje er på høyringslista? spurte Aasmund Austerheim (SP).

– Så fort eg fekk hendvendingar på dette skreiv eg eit brev og fortalte at me er både skuffa og irriterte. Eg spurte kvifor me ikkje er tatt med som høyringsinstans. Det burde vore ei sjølvfølgje. Eg fekk svar med ein gong. Dei beklaga veldig og sendte invitasjon, svara Harald Stakkestad (H).

Les heile saka i papirutgåva.