Karsten Larsen (Frp) meiner at kystlaget bør få kjøpe Stranda skule for ei krone med ein gong – utan utgreiing. 
Foto: Mona Terjesen
Karsten Larsen (Frp) meiner at kystlaget bør få kjøpe Stranda skule for ei krone med ein gong – utan utgreiing.

Sel Stranda for ei krone

Formannskapet stiller seg positive til å selje Stranda skule til Leirong Kystlag for ei krone.

Av Mona Terjesen

I vedtaket heiter det at overtakinga skjer med føresetnad om at eigedomen blir vidareutvikla til kystkulturformål og aktivitetshus for lokalsamfunnet.

Leirong kystlag skal innan 1. september legge fram ein plan for investering og drift, organisering og framtidsretta bruk av eigedomen. – Dette må vere på plass før dei får overta skulen, påpeiker rådmann Arvid S. Vallestad i saka.

– Det vil vere ein føresetnad at prosjektet deira skal kunne

drivast i reell økonomisk balanse, og ikkje belaste kommunale budsjett framover, fortsett han.

I vedtaket som formannskapet no gav tommelen opp for, står det også at kommunen kan ta Stranda skule tilbake innan tre år, om kystlaget ikkje klarer å drifte og vedlikehalde bygget på ein tilfredstillande måte.

Leirong Kystlag får også ansvar for å opprette ei nødvendig utredningsgruppe og leie denne.

Les heile saka i papirutgåva.