Alexis Lundh og FAU ved Frakkagjerd Ungdomsskule inviterer til temakveld om nettmobbing. Det gleder inspektør Liv Laksfoss. Temakvelden bør fylle gymsalen på skulen på tysdag.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Alexis Lundh og FAU ved Frakkagjerd Ungdomsskule inviterer til temakveld om nettmobbing. Det gleder inspektør Liv Laksfoss. Temakvelden bør fylle gymsalen på skulen på tysdag.

– Stopp digital mobbing

Mobbinga har flytta seg frå skulegarden og ut på nett. Det gjer det til ei utfordring å følgje med.

– Det kan vere ein melding som kjem på mobilen midt på natta. Det kan vere eit bilete på instagram, eller ei hatgruppe på Facebook. Det er inga tvil om at mobbearenaen er blitt digital, seier FAU-leiar ved Frakkagjerd Ungdomsskule (FUS) Alexis Lundh.

Det er FAU ved skulen som no inviterar til temadag om digital mobbing, og til å hjelpe seg har dei fått Kjetil Fyllingen frå Barnevakten med på laget! Barnevakten er ein organisasjon som jobbar tett med friviljuge lag og organisasjonar, offentleg sektor og kommersielle medieaktørar for å skape trygge rammer og fremme gode medieprodukt.

– Då me tok kontakt me skulen og fortalte at me ønska ein slik temadag, fekk me full støtte og berre positive tilbakemeldingar. Det gjer at me kan dele opp i to, med elevundervisning og gruppearbeid på dagen og foreldre/føresettemøte om kvelden. Sjølv om ein kan seie at dette på ein måte er skulerelatert, er det ingen tvil om kven som har ansvaret og kven som må vere forbilete på nett. Det er oss vaksne, seier Lundh.

Møtet er på tysdag på Frakkagjerd.

Les heile saka i papirutgåva.