Og det var Skjold som skulle og burde tatt leiinga. Are Søderlund skulle hatt straffe etter ti minutt, skulla ha skåra aleine med keeper etter 14 og Morten Bådsvik kunne også ha skåra med litt flaks like etter. I staden for skåra Vard-spelarane akkurat som dei ville.
– Me visste kva som kom men klarte ikkje å demme opp for det. Litt stang ut var det for oss, men dei kom alt for lett til og med 0-4 til pause var det lite å hente etter kvilen, seier trenar Inge Eirik Skogland.
Kampen i Haugesund i kveld er den svakeste for Skjold i år.
Meir om kampen og spelarbørs i avisa på fredag.
Faktaboks
Vard 2 4 (4)
Skjold 0 (0)
4. div., avd 3
Gymnasbane 6
1-0 Mats Kvalvågnes (30)
2-0 Mats Kvalvågnes (39)
3-0 Christian Alstad (42)
4-0 Berry Kader (45)
Gult kort: Alexander Rossebø, Skjold