Malene Sørenes var overlegen på 400-meter. Her får ho gullpokal av dagleg leiar i Falkeid IL Helge Haugen. John Andreas Sharp fekk andreplassen. 
Foto: Mona Terjesen
Malene Sørenes var overlegen på 400-meter. Her får ho gullpokal av dagleg leiar i Falkeid IL Helge Haugen. John Andreas Sharp fekk andreplassen.

Gjorde reint bord på Troppene

13 år gamle Malene Sørenes bøtta inn mål på både handball- og fotballbanen, og knuste alle klassekompisane sine på 400-meter – også gutane!

Av Mona Terjesen

Eit anna stort stunt som Tysvær kommune er med på i samband med «Verdens aktivitetsdag» er open dag på Troppene. Dagen blei arrangert i samarbeid med Falkeid IL (initiativtakar) og Tysvær Kano og Kajakklubb.

Tysdag var alle elevane frå 6. til 10. trinn på Tysværvåg barne- og ungdomsskule samla for ein dag med kajakkpadling, fotballspel, handball, sykling og friidrett.

Utruleg kjekt

– Utruleg kjekt, me håper at dette kjem til å bli arrangert kvart år, meiner kompisane Bjørnar, Sindre, Adrian og Nils Håkon frå 8.klasse.

Les heile saka og meir om «Verdens aktivitetsdag» i papirutgåva.