Trass i at det er stor byggeaktivitet i Aksdal Næringspark, er det likevel strøkent utanfor bedriftsbygga. – Dette er eit godt eksempel på korleis me vil ha det, med ryddige og fine uteområde, flott industri, lager og handelsbygg. Også dei siste bygga på Frakkagjerd er gode eksemplar, seier Ola S. Apeland (H). 
Foto: Mona Terjesen

– Slik vil me ha det

Ola S. Apeland (H) ønskjer dialog mellom kommunen og næringslivet på Frakkagjerd. – For mykje rot får lov til å ligge, sjå til næringsparkane – der er uteområda ryddige og fine. Slik vil me ha det, seier han.

Av Mona Terjesen

I nye reguleringsplanar kjem det tydeleg fram korleis kommunen ønskjer at uteareala skal sjå ut ved næringsbygg. På Frakkagjerd gjeld ein gammal plan, noko som gjer at rotet tidvis flyt fleire stader.

– Eg ønskjer på ingen måte å true nokon til å rydde opp, eg ønskjer derimot ein dialog. Det er einaste måten å få gjort noko med dette på. Reguleringsplanen for området er gammal og det stillest ikkje krav til korleis det skal sjåast ut, seier Apeland.

Han tok opp saka under formannskapsmøtet førre veke og fekk samtykke av fleire av politikarane rundt bordet.

– Det skjer mykje positivt i Frakkagjerd-området for tida, med nytt kryss, bedrifter som ekspanderer, nyetableringar som Coop osv. Det er viktig å tenke på korleis me sel oss, korleis me sel kommunen vår. Det er mange bedrifter som går føre med eit veldig godt eksempel med flotte bygg og uteområde, men så er det nokre få som øydelegg litt. Det gjeld også kommunale bygg og eigedomar. Det kan vere greitt å snakke saman og bli einige om korleis ein ønskjer å ha det, nikkar Apeland.

Les heile saka i papirutgåva.