Kjell Inge Torgersen imponerte i Nedstrand kyrkje. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kjell Inge Torgersen imponerte i Nedstrand kyrkje. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

KULTUR

Audmjukt og strålande

Det handla om musikk og songkunstnaren Kjell Inge Torgersen. Men også om forteljarkunst.

Det var den varmaste og finaste sundagen til nå dette året. Men for dei omlag 100 som hadde funne vegen til kyrkja i Nedstrand skulle det vise seg at kyrkjerommet skulle bli ein sval oase. Torgersen, ein bass og ein gitar. Sting, folketonar og eigenkomponert musikk hand i hand med sterke forteljingar. Så audmjukt og godt fortalt om livets opp- og nedturar at håra på armane reiste seg.

For mange var det Sting på nynorsk som opna auga for Torgersen si stemme og det var stille i kyrkja då han leikent tok oss gjennom monsterhiten «Every breth you take» som på norsk blir til «Andedrag». Det var som om folket i salen for alt i verda ikkje ville miste eit ord. Det handlar om kjerleik.

Muntert

Sjølv om nokre av songane har eit mørkt bakteppe blei det ein munter kveld. Torgersen hadde publikum i si hole hand. Han leikar og ler. Fortel og skryt om sitt vakre Stavanger. Om kor vanskeleg det er å gjere engelske tekstar om til noko lokalt. Og katalogen er etterkvart stor. Han har mykje å spele på saman med sine to musikantar. Ein trur ein veit kva som kjem og ofte gjer det akkurat det. Men så kjem det umiskjenneleg ein fantastisk versjon av «Deilig er jorden» på nynorsk, nær, rå og vakker. I benkeradene er det ein og annan som må opp i augekroken og tørke. Kanskje var det ei tåre, kanskje berre litt sveitte.

Så litt meir befriande latter. Torgersen fortel om at fag tok fag og han satt att som lærar. Han fortel om innspelinga av plata «Aks av gull» på Utstein Kloster  i oktober 2005. Han syng om«Tidevatn» og sveipar innom både ein og to kjente engelske hits. «In The Arms Of an Angel» sitt som eit blylodd i sommarvarmen og applausen er spontan blant det godt vaksne publikummet. Dei vil ha meir.

Og det får dei. I godt og vel 90 minuttar både ler og grin ein litt i lag. Om det har vore stille før i kyrkja kan det neppe målast med stillheita som var då han snakka om dei prostituerte på kaien i Stavanger. Om livet deira, om håpet om at også den neste bilen kjører forbi. Det er frykteleg langt frå kyrkjebenkane i Nedstrand til kaien i Stavanger, men me sitt der og held pusten då Kjell Inge Torgersen startar å synge aleine, med ru stemme på «Roxann». Det gjer vondt, men samstundes godt. Utan tvil eit av mange høgdepunkt.

Gull

Kjell Inge Torgersen har hatt det ein kan kalle solid suksess med sine plater så langt. Med ein song, eit varemerke kan han ikkje rømme i frå. Og kvifor skulle han det? Han kikkar utover forsamlinga og fortel om korleis han blei medlem av Noregs Mållag, om korleis han har jobba med nynorske tekstar. Han fortel ikkje om møtet med musikken til Eva Cassedy, men det ligg i korta. Kvelden skal avsluttast med den største av dei alle «Fields of gold» eller « Aks av gull» som det blir i Torgesren sin norske tekst. Og det er eit verdig høgdepunkt og avslutning på ei fantastisk oppleving. Sjølv om han blir takka og henta inn til eit ekstranummer «Skjøre» så heng «Aks av gull» ved oss. Nok ein gong har me funne eit kulturelt smutthol i Tysvær som fortener å sjå alle prikkane på terningen. Og dei 100 som var med oss kan fortelje alle dei som burde vore der, om kva dei gjekk glipp av, sola til tross.

Alf-Einar Kvalavåg

Konsert

Terningkast 6

Kjell Inge Torgersen

Nedstrand kykje

Kjell Inge Torgersen, song

Arild Schøld, gitarar

Karl-Dag Kjosavik, bass

1 time 30 minuttar

100 frammøte