– Eg kan ikkje snakke vekk det kortet. Eg kom for seint og tok mannen i staden for ballen. Men det er ein frykteleg streng regel for å vere uheldig, sukkar Rossebø.
– Tøft å sitte innerst på benken og plutseleg måtte vere klar. Eg måtte manne meg opp og gå ut og gjere jobben. Det gjekk greit ei stund, men så kom der dessverre eit par mål kor eg sto litt på halvdistanse, seier innbytar Andreas Jacobsen.
Svikt
1-0 blei til 2-0 før Espen Helgeland skåra for Skjold. Men mange byter og slitne bein gjorde at det i staden for 2-2 blei 1-3 på ein frekkas over ein feilplassert Skjold-keeper. Alle Haugar mål signert kaptein Ajdin Brakic.
– Dette er det bitraste tapet til nå i år. Me skulle kjøre rundt dei på kantane, men det fungerte ikkje. Me klumpa oss i midten og sløste nok ein gong vekk dei sjansane me fekk, meinte trenar Inge Eirik Skogland.
Skjold fungerte ikkje på graset i kveld og spelte sin dårlegaste kamp til nå. Dette var eit steg nedover etter sist kamp mot Vard 2, som heller ikkje var mykje å juble for. Fleire av spelarane var langt unna det dei vanlegvis presterer og ein må dessverre allereie slå fast at Skjold 2013, ikkje er eit topplag. Haugar var slett ikkje gode, men det gjorde ingenting mot eit svakt heimelag, som fekk som fortent.
Meir om kampen, om to jubilantar og spelarbørs i papirutgåva 16. mai.
I ein annan kamp vann Vard 2 7-0 over Sauda. Tidlegare Skjold-spelar Roy Miljeteig skåra fire av måla….
Faktaboks
Skjold 1 (0)
Haugar 3 (1)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
0-1 Ajdin Brakic (str. 21)
0-2 Ajdin Brakic (56)
1-2 Espen Helgeland (62)
1-3 Ajdin Brakic (82)
Raudt kort: Alexander Rossebø, Skjold
Domar: Roy Pedersen, Torvastad
Tilskoderar: 30