Påsken før og no?

Då påsken var over også i år, prøvde dei fleste media å fortelja oss at den varar i ti dagar. Ja, kanskje det, men det er i alle fall ikkje den kristne eller religiøse påsken.

Påskehelga byrjar skjærtorsdag ved solnedgang og varar til solnedgang første påskedag med påskeaftan som ein nærast «kviledag» i mellom. At me har fått slengt på ein raud dag på kalenderen i kvar ende, som det einaste landet i verda, kan me truleg takka LO eller ein av dei andre organisasjonane for. Dei høyrer i alle fall ikkje inn under den kristne høgtida.

Våre forfedrar hadde mange store diskusjonar kring dette. I tidlegare tider var jo heilege dagar heilt ukrenkjande når det gjaldt arbeid. Dei prøvde derfor å ikkje gå i fjosen verken for å stia eller mjølka på heilagdagane. Men dette måtte dei snart gi opp.

Dei fann fort ut at dyra måtte ha både mat og vatn, og var det kyr som mjølka (amma), så måtte også dei mjølkast. Sjølv om mjølkemengda ikkje var stor, kunne fleire dagar utan å bli mjølka gi ei nyberte ku øydelagde jur, eller ho kunne gjeldna seg av.

Men så var det denne elendige torsdagen då. I følgje bibelen byrja ikkje helga før med solnedgang, og dessutan var det Jesu lidingsdag?!

Etter mange diskusjonar kom dei fram til at denne dagen skulle ein lida med Kristus, men korleis gjorde ein det?

Jo, ganske enkelt med arbeid. Skjærtorsdag skulle ein arbeida frå soloppgang til solnedgang i sitt «ansiktssved» som dei gamle sa. Deretter var det helg.

Utførte ein derimot arbeid for andre denne dagen så hadde ein ikkje lov til å ta betalt for det. Denne dagen skulle ein arbeide for Kristus.

Skulle ein lida med Kristus så måtte det vera snakk om hardt arbeid og kva var så det? Jo, å køyra ut husdyrgjødsel var å rekna som det hardaste arbeidet, i alle fall på ein gard.

Derfor var skjærtorsdag i uendelege tider nytta som ein fast dag til å køyra gjødsel på.

Bestefar min var særs heldig i så måte. Då det lei ut på 1920-talet hadde han fem ugifte vaksne sonar heime i påskeveka, og med tre trillebårer (dei hadde ikkje hest) og tre til å spa, blei dei truleg ferdige med gjødslinga denne dagen.

Trass i denne raude dagen på kalenderen var dagen brukt til å køyra ut gjødsel i alle fall til 1980-talet.

Når det gjeld notidas påskefeiring, så stiller eg meg meir og meir undrande til alle motorsagene som durar jamt og trutt, stort sett heile påskeveka. Den einaste dagen det er stilt er påskeaftan. Då treng dei vel også ein kvil i økta. Så må dei vel også ha meir bensin, skal det halda helga over.

No skal ikkje eg legga meg opp i korleis folk feirar påsken, det får dei sjølve avgjerda. Men som sagt så varar den kristne påsken altså frå solnedgang skjærtorsdag til solnedgang første påskedag.

Eg ser jo at dei fleste er i fullt arbeid annan dag – i alle fall heime, så denne dagen kunne me heilt sikkert klart oss utan.

Steinar Stølsvik