Av Mona Terjesen
– Eg gler meg enormt til 17. mai. Eg skal gå i tog då også, synge songar, ete så mykje is eg orkar, og kose meg masse, fortel seks år gamle Tobias.
Då Tysvær Bygdeblad besøker barnehagen måndag ettermiddag er dei i full gong med å øve på 17.mai-songar. Og dei kan tekstane på rams.
– Me har øvd i alle samlingsstundene og heime. Kvar einaste dag, seier Liva (5) smilande.
Og me får høyre heile repertoaret på løypande band.
– Eg er nok mest glad i «Tenk at nå er dagen her», også heiaropet vårt sjølvsagt, seier Kristoffer (6).
– Eg også, nikkar Tobias ivrig.
– Vil du høyre det også? spør Tuva (6).
Les meir om ungane si feiring i papirutgåva.