Morten Bådsvik var både høgt og lågt mot Vedavåg og skåra to mål. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Morten Bådsvik var både høgt og lågt mot Vedavåg og skåra to mål. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.06.04
Bilde 2 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.06.17
Bilde 3 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.06.33
Bilde 4 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.06.45
Bilde 5 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.06.57
Bilde 6 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.07.07
Bilde 7 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.07.16
Bilde 8 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.07.26
Bilde 9 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.07.42
Bilde 10 av 11
Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.07.49
Bilde 11 av 11

Skjold slo knallhardt tilbake

Det blei ingen 16. mai fest for Vedavåg på Sletten. Skjold skulle hemne tapet for Haugar og kjempet heimelaget i senk og vann 3-2.

Det var jubel og mykje blide fjes å sjå på Skjold-benken då domaren blåste av kampen. For det har vore ein tøff vår for dei gulkledde.

– Det blei ein tøff kamp, men spelarane nekta å gi seg, sjølv om dei pressa oss bakover mot slutten. Eg synast alle sto opp og heva seg i dag, noko eg merka dei var tente på gjere før kampen, sa trenar Håkon André Waage.

Han måtte steppe inn som trenar då Inge Eirik Skogland måtte medle forfall på grunn av sjukdom.

– Eg fekk signal i går om at Inge Eirik var sjuk. Han hadde byta ein del i startoppstillinga frå i går og det laget starta. Så måtte me justere litt undervegs. Det fungerte bra, seier trenaren.

Morten Bådsvik skåra dei to første måla.

Det var ein utruleg herleg siger

– Eg stal det første frå Are (Søderlund). Det såg ut som han fekk ein dårleg tuch og satte den i mål. Den andre var ein keepertabbe kor han var på halvdistanse og eg berre satte ballen i opent mål frå langt hald. Det var ein utruleg herleg siger, seier Morten Bådsvik.

– Så blei det ein skåring på kompis Daniel Aarås på bursdagen også.

– Ja, det var kjekt. Det var ein typisk Daniel skåring. Me unggutane kan me også, gliste Bådsvik på veg til 17. mai feiring i Stavanger.

Vedavåg pressa mot slutten og på grunn av ein strekk hos linjemannen blei det nærare åtte minuttar med tillegg. Men Skjold vant og det totalt sett fortent.

Faktaboks

Vedavåg 2 (1)

Skjold 3 (2)

4. div., avd 3

Sletten

0-1 Morten Bådsvik (14)

0-2 Morten Bådsvik (25)

1-2 Simen Sandslett (32)

1-3 Daniel Aarås (52)

2-3 Leif J. Johannesen (75)

Domar: Ole-Petter Grindheim, Haugar, SK

Gult kort: Christian Askeland og Bjørnar Hompland, Skjold

Tilskodarar: 60