Racin Tjøsvoll 
Foto: Mona Terjesen
Racin Tjøsvoll

Ser alvorleg på våpentjuveri

Den siste tida har ein opplevd sjeldan mange innbrott i Tysvær. Alt muleg frå kaker til hagler er borte.

Politiet ser spesielt alvorleg på eit innbrott i Slåttevik-området kor fire våpen og ein del ammunisjon er stole.

– Me ser alvorleg på alle typar innbrott, men det er ekstra alvorleg når ein får melding om at våpen er på avvege. Den eller dei som har tatt seg inn har berre tatt med seg våpna og ikkje noko anna av verdi. Det skil dette innbrottet frå dei andre. Det er snakk om ei jaktrifle, ei enkeltløpshagle, ei dobbeltløpshagle og eit salonggevær. I tillegg altså noko ammunisjon. Me er svært interessert i tips i den saka, seier lensmann Racin Tjøsvoll.

Tidlegare i vår var det eit liknande innbrott i Vikebygd, utan at lensmannen umiddelbart ser samanheng mellom dei to våpentjuveria.

Les meir om saka i papirutgåva.