Svar på leiaren 16. mai:

Vil seia tusen takk til Tysvær Bygdeblad og redaktøren, for leiarartikkelen førre veke. Du får sagt det som dei aller fleste i kommunen tenkjer om kommunesamanslåing.

Kommunesamanslåing og Tysværtunet

Det er klart at Haugesund er ute etter økonomien i nabokommunane, men det er ikkje dette du vektlegg i artikkelen. Du vektlegg patriotismen og engasjementet me føler for kommunen, for alle småbygdene våre. Me har bygga opp ein identitet som tysværbuar, denne vil dø ut i ein storkommune.

Eit eksempel er at ordføraren fyller heile storsalen i Tysværtunet med si nyttårsmottaking. Når Petter Steen jr. skal dele ut «De flyvende måker», er det berre ei handfull menneske som pliktskyldig møtar opp.

Så til bruken av Tysværtunet. Eg var litt med i politisk arbeid den gongen då Tysværtunet blei bygga. Det var spart opp pengar, så me klarte det utan lån. Nå skulle me i Tysvær få ei storstove og mange mindre rom som skulle gi plass til aktivitetar og opplevingar. Ein aktivitet som har halde på i mange år, er seniordans på måndagskveldane. Då er Nygårdssalen oppteken og mange pensjonistar kjem for å kosa seg med god musikk og godt sosialt lag. Me betaler sjølvsagt musikken og maten sjølve, men LHL står som arrangør og ordnar det praktiske. Me er heldige som har ei veldig engasjert dame som styrer dette.

Men, kva høyrer vi nå? Jo, nå er Nygårdssalen leigt ut til eit eller anna utanfor kommunen vår! Tysværtunet skal drivast slik at dei får mest mogleg inntekter. Me som går på desse dansane er frå ca 70 år og opp til nesten 90 år. Kva trur de at desse kosekveldane har å seie for oss? Me kosar oss sosialt, får trim, mange av oss er einslege, så berre det å eta ein kveld saman med andre, betyr mykje.

Eg vil påstå at det blir skrive ut masse demensmedisinar og antidepressiva som har mykje mindre verknad enn mandagsdansen.

Har nokon i kommunen rekna på kostnaden, om me treng meir medisinar eller pleie og omsorg tidlegare?

Nokon må ta tak i dette, og gjera det om. Snarast.

Tønnes Straum