Ola Borten Moe og Geir Pollestad fekk høyre om planane i Haugaland Næringspark av Gunnar Stakkestad. Arne Bergsvåg var også med på rundturen på Haugalandet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ola Borten Moe og Geir Pollestad fekk høyre om planane i Haugaland Næringspark av Gunnar Stakkestad. Arne Bergsvåg var også med på rundturen på Haugalandet.

Haugalandet er spennande

Olje og energiminister Ola Borten Moe var ikkje i tvil etter to dagar på våre kantar. – Eit spennande stykke Noreg.

Og det skulle berre mangle også om ikkje SP-politikaren skulle la seg imponere etter timevis på nye næringsparkar, på skular og på Hydro Karmøy. Mykje av dette midt i hans eige politiske fagfelt.

– Det me ser er at ein skaper mykje nytt i denne regionen og tar tak i dei mulegheitene som finnest innanfor mellom anna olje og gass, men også innan anna næring. Dette er ein del av landet kor det er eit trykk, men også mange unike mulegheiter. Å få komme hit og sjå dette med eigne auger er viktig for meg, seier Borten Moe.

Les meir om besøket i Tysvær i papiravisa.