– Tysvær er som mange andre kommunar på Haugalandet ved eit vegskilje kor trongen for areal til bustadar er prekær, menier Per Berge. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Tysvær er som mange andre kommunar på Haugalandet ved eit vegskilje kor trongen for areal til bustadar er prekær, menier Per Berge. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Må tenkje samanhengar

Bustadbygging og infrastruktur kjem til å prege det politiske liv i Tysvær i mange år.

– Kor mange bustadar må ein bygge i Tysvær i åra som kjem? Kor fort må ein bygge desse? Kor skal dei byggast? Kva med veg og skule? Kva med uttrykket «søre-Tysvær»? Er Skeiseid redninga for alle bustadplanane i kommunen?

Spørsmåla var mange då gruppa til Høgre hadde møte på måndag. For å svare på noko av dette hadde dei fått med seg Per Berge frå Berge Sag og Olav Askeland frå Askeland Bygg. Om dei ikkje sat med fasiten så hadde dei mange og gode råd å gi på vegen vidare for lokalpolitikarane.

Tenk stort

For Per Berge handlar ikkje bustadutvikling i ein kommune om små bustadfelt med 15-20 hus i året.

– Tysvær er som mange andre kommunar på Haugalandet ved eit vegskilje kor trongen for areal til bustadar er prekær. Det er rett og slett ikkje areal tilgjengeleg akkurat nå og dei planane som finnest ligg enten på feil stad eller er for små. Det som skil Tysvær ut frå dei andre er mulegheitene som er på Skeiseid og i den søre delen av kommunen. Legg ein dei planane saman med utbygging i Grinde, Aksdal og på Førland begynnar ein å snakke om ei utvikling og ei utbygging som hjelper. Så midt første råd til alle lokalpolitikarar er å tenkje samarbeid, større utbyggingar og skikkleg framtidsretta planarbeid, seier Berge.

Les heile saka i papirutgåva