Elevane som skal starte i 1. klasse neste år skreiv seg inn denne veka. Her frå Førland. Foto: Astrid Eide
Elevane som skal starte i 1. klasse neste år skreiv seg inn denne veka. Her frå Førland. Foto: Astrid Eide

Gjer eit løft for LidoLido

Det er omlag eit døgn igjen til LidoLido startar gratiskonserten på Alvanuten. Nå fraktas utstyret som må til topps med helikopter.

Det er mykje som skal til for at artisten frå Frakkagjerd skal kunne gi folket den lyden dei vil ha. Kasse på kasse med utstyr og ein rimeleg stor gjeng med tilsette frå kulturhuset er nå på veg til topps.

Fleire har kontakta Bygdebladet og spurt kor ein kan få kjøpt billettar til konserten.

Den er heilt GRATIS!

LidoLido vakna i dag til to meldingar av den nye plata «Battle Poetry». Både VG og Aftenposten gjer som Tysvær Bygdeblad i går trillar terningen til ein femmar. Dagbladet synast det er nok med fire.

Det er berre å glede seg til i morgon. Konserten start klokka 22.00