Frode Hundsnes skåra eit nytt mål for Falkeid i kveld.
Frode Hundsnes skåra eit nytt mål for Falkeid i kveld.

På veg til topps

Falkeid er i ferd med å klatre heilt til topps i 5. divisjon. 2-1 mot Vedavåg borte smakte serdeles godt.

Falkeid tok leiinga med spelande trenar Frode Hundsnes etter 28 minuttar. Sju minuttar etter kvilen utlikna Vedavåg, men Vegard Øvrebø var frampå berre to minuttar seinare og skåra det som viste seg å bli vinnarmålet.
– Det blei litt hektisk framføre begge måla mot slutten. Men dette var ein herleg siger for oss, seier lagleiar Narve Susort.
Eit godt og hardarbeidande Falkeid vann fortent og er nå heilt i ryggen på tetlaga i divisjonen.
Samstundes melder klubben at dagleg leiar Helge Haugen gir seg.
– Me fekk beskjeden i helga og må nå ut på jakt etter ein ny dagleg leiar. Det er trist for Helge har gjort ein strålande jobb for klubben, seier Narve Susort.