Våpen funne, saka oppklart

Våpentjuveriet på Slåttevik er oppklart. To menn frå Haugalandet har tilstått dei aller fleste innbrotta i Tysvær den seinare tida.

– Me har gjort eit beslag og ei ransaking på adressa til to relativt unge menn i Haugesund. Der fann me det meste som er meldt stole frå Tysvær i mai. Mellom anna fann me våpna som blei stole frå eit hus på Slåttevik. Dei to er kjenningar av politiet og har tilstått å stå bak ei rekkje av innbrotta også på Bokn, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjønsen.
Innbrotta på Frakkagjerd skil seg frå dei andre.
– Det gjer at me framleis etterforskar desse sakene. Me har lagt ned ein god del ressursar i desse sakene, spesielt når det er snakk om tjuveri av våpen. Det har vore andre våpentjuveri på Haugalandet i det siste, men desse er ikkje oppklara og har ikkje noko med «våre» to karar å gjere. Dei har gjort greie for det dei har gjort og det passar inn i etterforskinga, slik at me nå ser sakene som ferdig oppklart, seier lensmannsbetjenten.