Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

I live mot alle odds

Pinseaftan fødde kaldblodshoppa Anja eit lite hingstføll på Lønning Gard. Berre eitt døgn gammal blei føllet morlaust då Anja døydde. «Tysværkongen» blei redda av lammemjølk og er i dag familiens kjæledegge.

Av Mona Terjesen

– Det var midt i pinsen, ingen butikkar var opne så mjølkeerstatning for føll fekk me ikkje tak i, det blei for lam i staden, fortel travhestoppdrettar Harald Lønning.

Tett i tett

Det var dotrene Anita og Henriette som måtte vere snartenkte for å redde «Tysværkongen» i pinsen, for pappa Harald var på ferie saman med kona og barnebarna.

– Me er vant med dyr og alelam, og tenkte at det måtte bli løysninga, sidan me ikkje hadde mjølk til han. Men, me sjekka med pappa først – som igjen sjekka med dyrlegen og fekk beskjed om at det var greitt. Han ville ikkje drikke med det første så me måtte rett og slett sette oss på han og tvinge i han flaska, men så fekk han smaken på det, fortel dei to.

Det var litt av ein telefon å få

– Det var litt av ein telefon å få; Anja ligg død på tunet og eit nyfødd føll er igjen. Heldigvis fekk dei i han mjølk og i dag lid han ikkje under å vere morlaus, han er frisk og fin. Akkurat som han skal vere, seier Harald og klør den vesle hingsten bak øyra.

Kva som skjedde med Anja, veit ein ikkje. Ho var 16 år og burde hatt mist fem, seks gode år igjen.

– Det var nok hjartestans. Det er som med menneske, også  hestar kan ha svake hjarter og dø før alderdommen tar dei, fortel Harald.

Les heile saka i papirutgåva.